Det fortel eigar og drivar av restauranten Rosabella, Yuksel Akkas.

– Ja, etter at Pizzabakeren etablerte seg i Ørsta prøvar folk å prute på pizzaen vår. Men eg kan diverre ikkje selje pizzaen rimelegare enn eg gjer, fortel Akkas.

Også Pizzabakeren får spørsmål om rabattar når folk ringjer inn større ordrar. Og rabattar er mogleg å få.

Etableringa av den kjedebaserte Pizzabakeren, som opna i Ørsta sentrum i slutten av november i fjor, har ført til auka konkurranse mellom pizzarestaurantane. Folk strøymer til Pizzabakeren.

– Vi har selt kring 10.000 pizza sidan vi opna i Ørsta. Kvar veke sel vi meir eller mindre tusen store pizza. I tillegg sel vi nesten like mange av dei andre storleikane, fortel dagleg leiar Ann-Helen Karlsen.

Ho er godt nøgd med drifta i Ørsta.

– Ja, vi er veldig nøgde. Vi har mange faste kundar allereie, og har også fått mange bedriftskundar som ofte bestiller større mengder, fortel Karlsen.

Onsdag er den beste vekedagen for pizzasalet, medan fredag og søndag er dei beste dagane i helga.

– Her er sterk konkurranse på pizza i Ørsta, men vi ser ut til å klare oss veldig bra. Vi lagar både botnar og alt som hamnar på pizzaen hos oss, og vi har dei lågaste prisane, seier Karlsen.

Napoli

Tilsette på Det vesle Napoli i Ørsta stadfestar sterk konkurranse, men fortel at dei ikkje har merka nedgang i pizzasalet etter at Pizzabakeren etablerte seg i Ørsta.

– Tvert i mot har vi auka salet noko. Vi har opparbeidd oss mange faste kundar, og nokre av dei kjem innom to-tre gonger i veka for å kjøpe pizza, fortel Claudiu Alexe.

Det vesle Napoli sel kring 500 store pizza i veka. Restauranten har også a la carte-meny.

– 70–80 prosent av omsetninga vår kjem frå pizzasalet, fortel Alexe.

Han opplever sterk konkurranse, men vonar at alle pizzautsala i Ørsta skal ha ei god drift.

– Vi veit at vi har god pizza. Vi lagar alt sjølve, også tomatsaus og dressing, fortel Alexe.

Eigar og drivar av restauranten Rosabella trur ikkje det vil vere plass til tre relativt store pizzautsal i kommunen.

– Nei, Ørsta er for liten til så mange aktørar, seier Yuksel Akkas. Han har drive Rosabella sidan 2009.

Rosabella sel mest frå a la carte-menyen.

– Eg er nøgd med drifta, men ørstingane kunne ha vore flinkare til å gå på restaurant. I Volda er det ein heilt anna kultur for dette. Vi satsar på kvalitet, og at alt skal vere heimelaga, også alt som handlar om pizza. Når det gjeld prisar har ikkje vi høve til å redusere dei dersom vi skal ha noko att for drifta vår, seier Akkas.

Det lille napoli: Ezzeddin Khaled (t.v.) og Claudiu Alexe leverer pizza til mange faste kundar kvar veke. Foto: Roy-Arne Folkestad
rosabella: Eigar og drivar Yuksel Akkas tvilar strekt på om det vil vere plass til tre større pizzautsal i Ørsta. Foto: Roy-Arne Folkestad