Arbeidet på Melsgjerdet er godt i gang. VØR har sikra seg 20 dekar på det 111 dekar store industriområdet. Området er stort, og kommunen har von om at også andre aktørar vil etablere seg på Melsgjerdet.

Entreprenør Aurstad AS er no i ferd med å byggje fundament for bru over Ørstaelva. Tidlegare i vinter vart skogen rydda, og det er også bygt ein anleggsveg ned til området frå Melsbygda.

Sprengd kapasitet

Bakgrunnen for at VØR etablerer seg på Melsgjerdet, er at anlegget bak flyplassen i Hovdebygda er sprengd. Men miljøstasjonen vil framleis vere å finne i Hovdebygda.

På Melsgjerdet skal VØR skal byggje ein omlastingsstasjon for matavfall, og eventuelt restavfall dersom kommunestyret seier ja. Og den industrielle delen av aktiviteten til VØR vert såleis flytta til Melsgjerdet. Industriell aktivitet er hushaldningsavfall, glas, matavfall og anna. Satsinga i Melsgjerdet skal romme både dei nye fraksjonane, erstatte Alida og ta veksten som er venta i framtida.

Administrasjon og den publikumsretta delen av gjenvinninga vil framleis halde hus i Hovdebygda, så for publikum vil ikkje endringane verte særleg merkbare.

Ørsta kommune investerer 25 til 26 millionar kroner i området.

– Vi kjem til å få frigjort plass på anlegget vårt i Hovdebygda. Men det er også slik at styresmaktene stiller fleire og fleire krav til utskiljing av fraksjonar. Og sortering vil det berre verte meir av i framtida, så vi treng all plass, seier dagleg leiar Petter Bjørdal i VØR.

No er det også slik at Fylkesmannen stiller krav om at trevirke, treflis, skal stå under tak, dette vert ikkje lagra slik i dag men dette skal det leggjast til rett for på anlegget i Hovdebygda.

Biogass

VØR og samarbeidande partar har også planar om å byggje eit biogassanlegg på Melsgjerdet. Eit forprosjekt utarbeidd av konsulentselskapet Rambøll viser at dette er mogleg. Biogassanlegget skal ta hand om matavfall frå Sunnmøre og husdyrgjødsel frå bønder i Volda og Ørsta. I eit slikt anlegg kan det produserast biogass, som for det meste består av metan, og biorest. Metangass kan nyttast til å fase ut diesel i bussar og ferjer, medan bioresten er eit fullverdig gjødselprodukt som kan erstatte kunstgjødsel.

Det er enno ikkje avgjort om eit biogassanlegg skal byggjast. Petter Bjørdal meiner ein no må gripe sjansen, under føresetnad av at ein får avsetnad.

Komplisert

– Prosessen med å få etablert eit biogassanlegg er komplisert og vi er avhengige av mange som samarbeider om å få dette til. Vi må få tryggleik i at vi får avsetning, og bøndene må ha tryggleik for at råvarene er trygge. Men eg er optimistisk. Det er no toget går. Miljødirektoratet har sagt at alt hushaldningsavfall skal sorterast ut, det betyr at dei som ikkje har eiga ordning for dette vil få dette på plass. Då vil det vere rom for å etablere eit biogassanlegg på Sunnmøre. Dei politiske signala nasjonalt er også gode då miljø er ei stor sak for alle, så det er ikkje der prosessen vil stoppe. Dei uklare spørsmåla er avsetjing og finansiering. Det vil vere positivt for Sunnmøre viss vi skulle få til eit anlegg på Melsgjerdet, seier dagleg leiar Petter Bjørdal.

Optimist: Dagleg leiar i Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Petter Bjørdal, er optimist med tanke på å få etablert eit biogassanlegg på Melsgjerdet. Foto: Janne-Marit M. Falch