Den nasjonale spørjeundersøkinga Studiebarometeret 2016 vart gjennomført i haustsemesteret. Tala som vart presentert måndag er svar frå studentar i tredje semester som går bachelor- og masterprogram.

Høgskulen i Volda opplevde ein liten oppsving ved førre undersøking, og dei ferske tala viser at det no har stabilisert seg.

– Tala viser at studentane ved Høgskulen i Volda er nøgd med det aller meste. Sjølv om det er små skilnadar, står vi oss godt samanlikna med dei andre regionale høgskulane og universiteta. Men vi som alle andre har noko å bli betre på, seier rektor Johann Roppen til skulen si heimeside.

Under spørsmålsområdet undervisning og rettleiing gir studentane i Volda ein samla karakter på 3,6 der 5,0 er best. Det er det ingen andre regionale høgskular eller universitet som skårar betre på.

– Det er det eg er aller mest nøgd med. Alle som ligg over oss i denne kategorien er spesialiserte høgskular i dei store byane. Å gi god undervisning og rettleiing er vår viktigaste oppgåve som høgskule, seier Roppen.

På den overordna tilfredsheten, der HVO får karakteren 4,1, ligg veldig mange av dei regionale høgskulane og universiteta mellom 3,9 og 4,1.

Når det kjem til studentane si oppfatning av studieprogrammet sin relevans for arbeidslivet gir studentane HVO karakteren 4,2. Det er høgare enn alle universiteta i landet og på same nivå som ein del andre regionale høgskular. – Det er veldig tett, og vi er der vi skal vere. Det følast trygt, synest Roppen.

Volda-studentane er i stor grad einig i at dei faglege tilsette stiller klare forventningar til dei sjølv som student. Med karakteren 3,9 er ingen universitet likt eller betre, medan fleire andre regionale høgskular er på same nivå. Høgskulen i Volda er blant dei institusjonane med høgast svarprosent på Studiebarometeret 2016. Det gir leiinga ved høgskulen eit godt materiale å arbeide med.

– Dette skal ikkje vere ei sovepute for oss, vi skal bruke desse dataa til å verte enda betre. Det viktigaste er korleis vi bruker resultata internt til det beste for studentane våre, seier Roppen.