– Samanslåing av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vere eit første steg på vegen mot ei større eining, skriv næringsrådet i ei pressemelding.

Dei ønskjer både Møre og Romsdal og Rogaland med i vestlandsregionen på sikt.

– Ein ny region på Vestlandet kan gi betre balanse mellom eit tyngdepunkt i vest og den konsentrasjonen av makt som finst i hovudstadsområdet. Erfaring tilseier nemleg at ein til denne tid ikkje har greidd å demme opp i tilstrekkeleg grad mot opphoping av makt og arbeidsplassar i det sentrale austlandsområdet, skriv dei. Styreleiar Yngve Hallén seier følgjande om vestlandsregionen:

– Det er svært viktig at ein no bruker den historiske sjansen som finst for å skape ein ny region på Vestlandet, uttaler styreleiar Yngve Hallén i Sogn og Fjordane Næringsråd. Tida er overmoden for å få i stand ei nyorganisering til beste for innbyggjarane og dei som er næringsaktørar.