No har kommunen sin administrasjon, saman med ordføraren, laga ei prioriteringsliste i samband med fylkeskommunen sitt investeringsprogram for åra 2018 til 2027. Med unntak av ei strekning på Valset i Bondalen, er alle prosjekta tidlegare politisk godkjende i kommunen.

– Ørsta kommune har lange strekningar langs fylkesvegane der det går og syklar mange born og vaksne, dessverre utan gang- og sykkelvegar, seier kommunen i eit brev til fylkeskommunen.

Sist haust vart det frå lokalpolitikarane starta eit arbeid med å få grunneigarar langs FV 655 til å avstå grunn til bygging av gang- og sykkelvegar. Det er halde folkemøte i bygdene med dette som tema, og avtalar for dette føremålet er no under utarbeiding.

Dei prioriterte strekningane er:

Brungotvegen-Mosflatevegen (1.130 meter):

Det er i dag bygt gang- og sykkelveg frå Ørsta sentrum til Mosflatevegen. I dag byggjer kommunen 280 meter gang- og sykkelveg frå Brungotvegen og austover langs FV 655. Kommunen meiner det er naturleg å byggje saman desse to strekningane slik at ein får ein samanhengande gang- og sykkelveg her. Strekninga vert vurdert som ein av dei farlegaste skulevegane i kommunen.

– Der er i dag mykje tungtransport frå Åmdalen og Bondalen mot sentrum. Dette vert eit endå større problem når industriområdet på Melsgjerdet vert opparbeidd, meiner kommunen.

Strekninga Dalane skule-Tussavegen (160 m):

Denne strekninga er skuleveg for borna som går til Dalane skule frå nord langs fylkesvegen. Ved å byggje desse 160 metrane vil også borna som kjem frå aust via Tussavegen få ein tryggare skuleveg. Gang- og sykkelveg er ferdig regulert og vegvesenet eig grunnen til dette føremålet.

Vatnevegen-Dalane skule (742 m):

Strekninga er skuleveg for born som kjem frå Vatne langs Vatnevegen. Det er stor trafikk på strekninga og store delar av strekninga har 80 km/t fartsgrense. Nyleg er det regulert inn nytt bustadfelt på nordsida av Vatnevegen. Dette meiner kommunen vil gjere behovet for gang- og sykkelveg endå viktigare på denne strekninga.

Sæbø ferjekai-Skuleplassen langs Øyragata (377 m):

Øyragata er skuleveg for det meste av Sæbø sentrum og Sæbøneset nord for sentrum. i tillegg er dette skuleveg for borna som kjem med ferja frå austsida av Hjørundfjorden. I dag må ein nytte ei ordning med følgjepersonar for born som kjem med ferja for å leie dei trygt opp til skulen.

– Der er stor trafikk til sentrum, både frå ferja og med turistar i turistsesongen. Ein har også ein del anleggstrafikk gjennom sentrum frå Sæbøneset, seier kommunen.

Brungot-Brekke (675 m):

Strekninga går frå enden av gang- og sykkelvegen ved nye Melsgjerdet bru i vest til ny regulert Høgebru i aust. Når ein får fullført denne delstrekninga og knyte dette saman med andre prosjekt i nærleiken, vil ein få ein samanhengande gang- og sykkelveg frå Ørsta sentrum til starten av Follestaddalen og Legene og Åmdalen som knyter desse bygdene saman.

Tussavegen-Myra langs FV 655 (2.737 m):

Strekninga er skuleveg både til Dalane skule og Åmås friskule. Strekninga vert også mykje nytta som turveg for dei som bur i Åmdalen og som sykkelveg frå Ørsta sentrum mot Bondalen og friluftsområda. Tanken er ein samanhengande sykkelveg mellom Vatne-Bondalen og Ørsta sentrum.

Valset i Bondalen (302 m):

Dette er ei utsett strekning med høg fart og ingen gatelys langs FV 655. Ved å bygge denne gang- og sykkelvegen vil ein få knytt saman gamlevegen og gardsvegar frå Bondalseidet i vest til Sæbø i aust i eit samanhengande sykkelvegnett.

Gang- og sykkelveg: I dag stoppar gangvegen ved Mosflata. Planen er å byggje saman gang- og sykkelvegane i området. Foto: Roy-Arne Folkestad