– Jobben eg hadde var draumejobben, med spennande arbeidsoppgåver, god betaling og gode friordningar. Då er det ikkje lett å få beskjeden om at det ikkje er behov for meg lenger, seier Roger Brunstad.

Flittige Møre-Nytt-lesarar har høyrt namnet før. I juli i fjor skreiv vi om den spesielle våren han hadde hatt. Nesten samtidig med at Roger mista jobben i North Atlantic Drilling, vart han far for andre gong.

– Det som var bra med det, var at eg hadde moglegheit til å ta ut full pappapermisjon. Då kunne eg samtidig syte for at ein av kollegaene mine kunne ha jobb litt lenger.

Denne månaden er det slutt på permisjonen, og då er det også slutt på til saman ti år i offshorenæringa og tjue år på sjøen.

Ser framover

I fjor sommar var Brunstad klar på at han ville sjå framover etter oppseiinga, og det har han gjort. No er Brunstad i full gang med å førebu oppstart av Skjermskifteren.no.

Frå nyleigde lokale i Furene vil han frå 17. februar ta på seg reparasjonsoppdrag på duppedingsane vi er så avhengige av i våre dagar.

– Det er mange mobiltelefonar, skjermbrett og berbare datamaskinar som blir kasserte fordi skjermen blir knust, batteriet skrantar eller dei har andre småfeil. Og kjedene som sel varene vil gjerne heller selje nytt enn å reparere. Det fører både til større utgifter for folk og det er negativt for miljøet. Om eg kan hjelpe til med å halde liv i dingsane lenger, så er eg glad for det, seier Brunstad.

Stor etterspurnad

Og marknaden for dette tilbodet er der, vurderer han.

– Eg har jo knust ein del telefonar sjølv opp gjennom og har familiar og venner som har knust sine. Og eg har pusla med å reparere dei langsmed. No i sommar og i haust, så hadde eg, dottera mi og sambuaren min knuste skjermar samtidig. Då kjøpte eg inn nye skjermar til våre telefonar, og nokre ekstra. Eg sjekka om det var interesse for dei på Facebook, og fekk ein enorm etterspurnad tilbake. Det var folk frå heile Sunnmøre og Nordfjord som spurde etter reparasjon av telefonar, datamaskinar, forsterkarar, fotoapparat, kort og godt alt mogleg rart. Så ja, eg har absolutt inntrykk av at her er ein marknad, om eg klarer å gjere ting til ein fornuftig pris. Og eg skal vere konkurransedyktig i forhold til andre etablerte og seriøse i marknaden.

Har det i fingrane

Å fikse dingsar kjem naturleg for Brunstad. Han har utdanning både som bilmekanikar og maskinist, bygde si første datamaskin som 12-åring og bygde både cross-sykkel og cross-bil i tenåra.

– Alle leikene eg fekk i oppveksten vart demontert for å sjå korleis dei fungerte før eg tok til å bruke dei, seier han og flirer.

Skjermskifteren.no skal spesialisere seg i nettopp det, skifting av skjermar og enkle reparasjonar på telefonar, nettbrett og berbare datamaskinar. Men Brunstad ser ikkje mørkt på ei utfordring.

– Det var ein som kontakta meg og ville ha skifta ein skjerm på eit digitalkamera. Då svarte eg at «det har eg aldri gjort før, så det får eg sikkert til», seier Brunstad om innstillinga si.

– Dersom det er eg mogleg og kostnadssvarande å reparere det, så er eg open for å ta på meg mange typar oppdrag, legg han til.

I tillegg til firmaet, har Brunstad fått tilbod om å stille opp ved ein ungdomsinstitusjon ved behov.

– Eg har alltid vore glad i friluftsliv, jakt og fiske, og deler gjerne den erfaringa og gleda. Med desse tinga og diverse anna skal eg ha nok å henge fingrane i, seier Roger Brunstad optimistisk.

Frå offshore til iphone: Roger Brunstad i Volda starta eige firma etter at han miste jobben i offshorebransjen. Foto: Marius Myklebust