– Det er ei glede å sjå dokke her og få vise fram kor fint vi har fått det, sa Inger Liadal som er seksjonsleiar for omsorg og rehabilitering.

Arbeidet med å få på plass nye lokale til dagtilbodet for demens starta i 2015.

– Vi greidde å få tak i statlege tilskot til etablering og drift med å starte tiltaket i dei lokala som det andre dagsenteret var i. Dei måtte mellombels flytte ut slik at vi fekk kome i gang, få tak i midlane og få dette til.

Sansehagen

I dei nye lokala er det femten plassar til brukarar.

– Eg må innrømme at vi har venta utolmodig på at dagsenteret skulle bli ferdig, men no er vi her og alle er glade og nøgde.

Noko som vart avgjerande for plasseringa av dagsenteret er sansehagen til Ørstaheimen.

– Rådmannen var positiv frå dag ein då plasseringa av tilbodet vart nemnt, og det har vidare blitt følgt opp positivt politisk heile vegen. Det at sansehagen vår kan vidareutviklast gjer at vi har igjen noko for alt det som har blitt gitt for å få bygge opp denne flotte hagen. Det har vore gåver frå bygda, privatpersonar og lag og organisasjonar. I tillegg kan brukarane nytte seg meir av sansehagen og den blir brukt meir. Eg må takke dei som har støtta dette arbeidet.

Til opninga av Hagestova dagsenter var Levekårsutvalet invitert. Råd for likestilling av funksjonshemma og Eldrerådet overrekte blomar og bøker til dagsenteret.

– Når eg kjem opp att hit som ordførar så er det ei stor ære å stå blant dokke. Dei som har jobba for dagsenteret på denne og den andre fløya gjer ein fantastisk jobb for Ørsta kommune. Vi avlastar situasjonen for pårørande og vi sparer økonomi. Samla sett er dette ei utruleg bra sak for dei det vedkjem, og ikkje minst heile kommunen. Eg vil ynskjer dokke lykke til i arbeidet vidare i flott lokale, sa ordførar Stein Aam før han klipte den raude snora.

Erindringsrom

Etter den offisielle opninga av Hagestova dagsenter var det klart for omvising. Brukarane har no sitt eige aktivitetsrom der dei m.a. gjere treningsøvingar. I tillegg har det blitt etablert eit erindringsrom som er innreia med eldre møblar. Dagsenteret har fått fleire gåver til erindringsrommet frå privatpersonar.

Blomer og gåver: f.v. Stine Vatne Riise, Kjersti Årøen, Anne GreteJuliebø (råd for likestilling og funksjonshemma), Inger Liadal,Sylvi Romestrand, Eldbjørg Tvergrov (eldrerådet), Stein Aam, Josefine Ose og Sylvi Korsfur. Foto: Joachim Åsebø
Erindringsstove: I dagsenter er erindringstova innreia med eldre møblar, og stova vart nytta til kaffi og kake under opninga.
– Vi er alle glade og nøgde: Seksjonsleiar for omsorg og rehabilitering, Inger Liadal, understreka at arbeidet med dagsenteret har blitt møtt med positivitet frå administrasjonen og politikarane. Foto: Joachim Åsebø