For det handlar om to fluger i ein smekk: Å betre trafikkforholda for skuleelevane, og å fjerne eit hus ved Shell-krysset ved E39, som mange opplever som skjemmande. Lars Oscar Fossen Øvstegård, som har bidrege sterkt til eit flottare sentrum, har lenge irritert seg over dette gamle bustadhuset som ligg i innfallsporten til Ørsta.

– Vi har fått gjort mykje i sentrum, men dette området ved Velle skule er eit av dei som står att å få rydda før vi kan seie oss nøgde. Og no skal det skje! Seier Øvstegård nøgd.

SJÅ VIDEO ØVST I SAKA: Det vart heftig på Lina-tomta då Palle frå Klypa gjorde krav på halvparten av Lars Oscar Fossen Øvstegård sin eldsjel-pris. Palle meiner han skal ha ein stor del av æra for opprustinga av sentrum der turen no går til området ved Velle skule og riving og opparbeiding.

– Kommunen er i gang med å løyse inn grunnen med tanke på å rive huset på. Eigarane har lenge ønskt at kommunen løyser inn eigedomen, og vi har god dialog med dei, fortel ordførar Stein Aam.

Han ser fram til å få ordna opp på tomta.

– Trafikksituasjonen for skuleborna på Velle skule har lenge vore lite tilfredsstillande. Når vi får rive huset og ordna til på tomta vil kommunen etablere eit nytt område der foreldra kan sleppe av og på borna sine på ein trygg og god måte. I tillegg vil vi få ordna til og laga finare på eit område som ligg midt i innfallsporten til Ørsta, seier Aam.

Nabohuset

Det er også eit ønske for kommunen om å få hand om nabohuset, slik at heile området kan ryddast og opparbeidast. kommunen har også teke initativ til forhandlingar om innløysing av denne eigedomen.

I budsjettet for i år har Ørsta kommune løyvd 2,5 millionar kroner til kjøp av det aktuelle området ved Velle skule. Dette skal gå til innløysing og riving. Opparbeiding av området er tenkt gjort som ein fellesdugnad der Lars Oscar Fossen Øvstegård og Sparebanken Møre no bidreg med 50.000 (Øvstegård) og 70.000 kroner. Sparebanken Møre har siste året bidrege med 170.000 kroner då dei også sponsa opparbeidinga av Lina-tomta ved Amfi.

– Tiltaket ved Velle er svært viktig då dette gjeld born og unge sine vilkår, noko banken er oppteken av. Og dette er vår gåve i samband med at vi i år feirar 10-årsjubileum for lokalisering i Ørsta, seier banksjef Line Wiik Bjerknes.

Vil ha fleire tiltak

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot er også ein sterk pådrivar for eit finare og meir funksjonelt sentrum. Han kan tenkje seg fleire trafikktiltak i området ved Shell-stasjonen.

– Det bør byggjast ei rundkøyring i Shell-krysset, like eins ei rundkøyring i krysset til Rema. I tillegg må Osbrua rustast opp og leggjast til rette for dei mjuke trafikantane. Dette vil dempe farta frå trafikken i eit område der det passerer 12.500 køyretøy i døgnet, seier Sundgot. Det er ikkje lenge sidan Statens vegvesen vart merksam på at Osbrua er smalare enn det dei har trudd.

– Brua har ikkje stått på vegvesenet si liste over flaskehalsar då dei har trudd at brua var sju meter brei, men ho er berre 5 meter og tjue centimeter brei. To store bilar kan ikkje passere kvarandre på brua, beklagar Sundgot som meiner det snarast må kome tiltak for betring av Osbrua.

Han er like utolmodig som Øvstegård i å få gjort ting i sentrum.

– Det må vere eit mål at vi får rive huset ved Velle skule og starta opparbeidinga av tomta før 17. mai, meiner han.

Palle

Figuren Palle frå Klypa er også begeistra for at det vert gjort grep for eit vakrare Ørsta sentrum. Rett nok kunne han ha tenkt seg det aktuelle huset som bustad og lager for den tvilsame verksemda si. Men etter overtaling går Palle med på at det vert gjennomført riving.

– Eg ser at forholda for råning kan verte betre med ei opprydding av området. Og såleis kan omsetjinga mi auke, og det er bra, kommenterer Palle som sel sterk og tvilsam drikke.

Riving: Bustaden (bak) ved Shell-krysset og Velle skule skal snart rivast, og det skal verte tryggare for skuleborna og sentrum vert endå finare. Spritseljar Palle frå Klypa, ordførar Stein Aam, konsulent Per Ivar Lied, Lars Oscar Fossen Øvstegård, banksjef Line W. Bjerknes, teknisk sjef Rolf M. Sundgot og skuleborn er begeistra. Sparebanken Møre bidreg med støtte, det same gjer Øvstegård. Foto: Roy-Arne Folkestad
Slutt: Det vert slutt på at skulebussen parkerer her ved Velle. Foto: Roy-Arne Folkestad