I tre dagar til ende har Ørsta kommune vore på «turné» for å samle inn innspel til kulturminneplanen som er i emning. Dei har fått inn eit utval på om lag 90 framlegg frå dei ulike sogelaga i Ørsta, men der er meir å ta av.

Harald Krøvel er leigd inn om historikar og skrivar. I tillegg er Gro Anita Bårdseth og Jostein O. Mo frå kommunen involvert. Denne veka har dei halde opne møte på Ørsta rådhus, på Sæbø og på Vartdal, og engasjerte innbyggjarar har fremja nye forslag til kva dei ønskjer å få med i planen.

– Føremålet er å gje ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen, og identifisere kulturminne av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida, informerte Bårdseth.

På Vartdal var dei særleg opptekne av å få med den rike fiskerihistoria i kulturminneplanen, og også koplinga mellom fiskaryrket og bondeyrket.

– Ramobuda må med, kom det innspel om.

– Her er det mykje historie. Ho er den eldste bua på Vartdal, frå 1912. Her vart også den første fiskebåten bygd.

Ei anna bu var foreslått frå sogelaget. Osnesbuda.

– Men denne er meir riveverdig enn verneverdig, meinte nokre.

– Men den beste måten å verne noko på er gjennom bruk.

Engasjerte

Representantane frå kommunen noterte flittig. Dei fortel om engasjerte innbyggjarar alle stader dei har vore siste dagane.

Harald Krøvel har jobben med å presentere kulturminna i ein samanheng.

–Kvifor er noko verdifullt? Kvifor skal vi ta vare på dette? Ørsta er spesielt på grunn av koplinga mellom sjø og land. Vartdal har sitt særpreg i det maritime. Dette må vi spegle av, sa Krøvel.

– Det er ikkje slik at vi kan ta vare på stabbur på kvar ein gard i heile kommunen. Vi kan ikkje ta vare på alt, men her kan enkeltpersonar også gjere ein innsats for å ta vare på eiga historie. Men vi skal ha ei oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø. Og så er det slik at det som er prioritert i planen, lettare vil kunne få støtte, sa Bårdseth.

– Det er ikkje ein fullstendig katalog vi skal lage, men noko som kan fortelje ei historie, sa Jostein O. Mo.

Etter planen skal alle innspela no verte gått gjennom før planen skal ut på høyring. Då vil det framleis vere rom for å kome med fleire innspel. Vidare skal planen opp til vedtak i kommunestyret.

– Det er lov til å håpe at det kan skje før sommaren, men vi tek høgde for at det kan ta noko meir tid.

– Og så har vi tankar om at dette ikkje berre skal munne ut i ein plan, men at vi også kan lage det om til ei bok der vi får løfta fram kulturhistoria til Ørsta, fortalde Harald Krøvel.