– Eg ønskjer å konsentrere meg fullt og heilt om arbeidet i kommunestyret, seier Anne Ellingsen om kvifor ho valde å gå av som leiar då Venstre heldt årsmøte 30. januar.

Ho er trygg på at partiet har fått ein ny og god leiar i Arnfinn Sætre.

– Han er ein veldig fin kar. Hjartet ligg i partiet, og han har vore med nokre år, så vi kjenner han godt.

Sjølv er Sætre glad for tilliten partiet har vist han.

– Anne Ellingsen er inspirerande. Ho boblar av engasjement. I partiet no har vi ein struktur og ein måte å vere på som også er svært inspirerande, med folk med ulike bakgrunnar og erfaringar. Det gjer at vi veit kvar skoen trykker i fleire samfunnslag. Eg opplever politikken i Ørsta i dag som veldig fair play. Då ønskjer også eg å bidra og få vere med og kanskje gjere ein forskjell. Det er ei tillitserklæring å verte spurt, og då vil eg gjere plikta mi.

Folk i sentrum

Ørsta Venstre har lagt bak seg eit aktivt 2016. Dei er i dag to som har plass i kommunestyret, Anne Ellingsen og Gunnar Knutsen, i tillegg til ein fast representant i formannskapet.

– Vi har eit godt samarbeid med SV og Miljøpartiet. At vi er uavhengige og ikkje ein del av ein fleirtalskonstellasjon har gitt oss stor fridom når det gjeld sakene som har vorte handsama. Venstre set folk i sentrum. Folk først er eit viktig slagord for oss. Det føler vi at vi har vist i fleire saker, seier Ellingsen.

Ho viser mellom anna til detaljreguleringssaka på Sæbø, der Venstre stod i spissen for motstanden for reguleringa, og fremja forslag om at detaljplanane måtte verte utsette og verte sett i samanheng med områdeplanen for Sæbø.

– Venstre fekk ikkje fleirtal for dette, men har i ettertid fått svært mange positive tilbakemeldingar frå Sæbø. Det handlar ikkje om at vi er negative til dei som ønskjer å få til noko, men her valde vi å høyre på dei som var uroa for konsekvensane ved detaljreguleringsplanen, fortel Ellingsen.

Eit anna eksempel ho vil trekke fram er saka om hestesportsanlegg på Mosflata.

– Det er ei svært viktig sak, og hestesportsfolket har jobba utruleg lenge for å få på plass eit slikt anlegg. Samstundes kom plasseringa på Mosflata brått på naboane i området, og vi hadde god dialog med dei. I kommunestyret gjorde vår gruppeleiar, Gunnar Knutsen, seg til talsmann for dei. Så det å lytte til folk og sette folk i sentrum, det føler vi at vi har moglegheiter til.

Ellingsen seier at faren med ein fleirtalskonstellasjon, som i realiteten har all makt om dei ønskjer det, er at det kan verte ei viss arroganse om det ikkje vert lytta til faktaopplysningar og standpunkt som mindretalet kjem med.

– Det er viktig å vere open for å kunne eventuelt korrigere sine forslag til vedtak. Men vi har opplevd mellom anna ordførar Stein Aam som ein lyttande ordførar med stor vilje til å finne dei gode løysingane. Elles opplever vi at alle parti samarbeider godt.

Lista er lang over saker Venstre engasjerer seg i. Ellingsen trekker også fram skulepolitikken.

– Vi vil ha levande bygder, og knip vi inn på skulebudsjettet er det gjerne skulane i utkantane som må lide for det. Så eit godt skuletilbod er viktig. Det er det heldigvis fleire som meiner.

– Det same gjeld fritidsaktivitetar for barn og unge, skyt Arnfinn Sætre inn.

–Unge kan ha ei mengd med idear og tankar, men har kanskje ikkje kunnskap om korleis dei skal få sett ideane ut i livet. Der er det viktig at vi politikarar lyttar og gir rammer som gjer at også dei har ein stor breidde av aktivitetar å velje mellom.

Fleirbrukshallen engasjerer også.

–Her vil vi trekke fram Gunnar Knutsen. Han har stått på i årevis og aldri lagt frå seg engasjementet for dette. Vi ønskte hallen på Mosflata, men slik vart det ikkje. Vi set oss ikkje på gjerdet av den grunn, og jobbar vidare for gode løysingar på det arealet som er valt, seier Ellingsen.

Stortingsval

Framover er stortingsvalet noko Ørsta Venstre vil ha ekstra fokus på.

– Vi er eit lite parti og må vere realistiske med tanke på kor stor påverknad vi kan ha, men med godt arbeid og god dialog er det likevel mogleg å få gjennomført mange saker. Det viser godt att både på fylkesnivå og i stortinget. Vi har ein god representant i Pål Farstad. Han har vist gjennom perioden no at han er oppteken av distrikta. Han gjer ein god jobb for heile fylket, og også for Ørsta og Volda. Mellom anna kjempa han for å få Globalskolen tilbake på budsjettet, og han var også sentral, saman med fleire, for å redde Lånekassa i Ørsta. Venstre er absolutt eit parti å rekne med når folket går til valurnene, seier dei to engasjerte venstrepolitikarane.