Prosjektleiar i Statens vegvesen region Midt, Kjetil Strand, informerte måndag om planane for ein samferdselspakke for Ørsta og Volda med bompengefinansiering. Han, og fleire andre aktørar frå fylket og vegvesenet hadde invitert til informasjonsmøte i Aasen-tunet om samferdselspakken. Voldatunnelen er basis i pakken, og ein føresetnad for at pakken skal verte godkjent. Pakken er delt i to ulike fasar, og Ørstafjordkryssinga kjem først med i fase to.

– Det er fordi vi først må greie ut moglegheitene for kryssing av Sulafjorden, Vartdalsfjorden og Halsafjorden. Dette er teknologisk utfordrande, og vi treng tid for å finne ei løysing for kvar brua kan kome. Vi treng tida til 2020 før vi kan seie noko om kva som er ei fornuftig kryssing av fjordane. Inntil då vil det vere meiningslaust å starte planlegginga av Ørstafjordkryssinga, sa Strand.

Seksjonsleiar for tekniske tenester i Ørsta kommune, Rolf-Magnus Sundgot uttrykte misnøye med at Ørstafjordkryssinga verkar å vere nedprioritert.

– E39 har lege som ei klam hand over sentrumsutviklinga i Ørsta i mange tiår. I kommunedelplanen frå 2015 har vi valt ny trasé for E39, med kryssing i ytre del av Ørstafjorden. Trafikken gjennom sentrum er i dag 12.500 ÅDT over Osebrua, der ni prosent er tunge køyretøy. I utgangspunktet skulle vi koordinere satsinga på Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga, og i dag skulle prosjekta ha kome like langt. Slik er det ikkje. Men vi er samde i Ørsta og Volda om at Voldatunnelen kjem med i fase ein, og at vi får legge til fleire viktige prosjekt for Ørsta i pakken. Så kjem Ørstafjordkryssinga i fase to. Men det er viktig for Ørsta å få klargjort tidspunkt for når vi kan legge E39 vekk frå sentrum. Då vil vi få eit grønare, meir attraktivt og langt tryggare sentrum enn vi har i dag. E39 gjennom sentrum er ein katastrofe for vidare utvikling, sa Sundgot.

Han tok også til orde for å finne løysingar for ei finansiering av ei lenging av Torvmyrvegen mellom Hovdebygda og Furene. Dette var også tema for mykje debatt i møtet, saman med det ulykkesutsette flyplasskrysset.

– Vi tek med oss innspelet om flyplasskrysset, og forstår at her er det viktig å finne ei løysing, sa Kjetil Strand.

Bompengar

Cathrine Helle-Tautra informerte om bakgrunnen for arbeidet med den felles samferdselspakken for Volda og Ørsta. Målet er at pakken med Voldatunnelen skal kome med i Nasjonal Transportplan for 2018–2029. Vegbygginga kan starte tidlegast i 2019. Totalramma for samferdselspakken er på 1,5 milliardar kroner. Det vart gjort prinsippvedtak i begge kommunestyra om bompengefinansiering i april i fjor. Dermed må bilistar som køyrer mellom Ørsta og Volda rekne med å betale ein enno ukjent sum bompengar.

– Kva prisen vert og kvar stasjonane skal verte sett opp, er enno ikkje klart. Det vil verte kalla inn til nytt møte når vi veit meir om dette, sa Helle-Tautra.

Både Volda og Ørsta har ei lang smørbrødliste over prosjekt dei ønskjer å få med i samferdselspakken. Kva som skal med vert vurdert av ei styringsgruppe der mellom anna ordførarane er med. Samla sett handlar det om å binde dei to tettstadane tettare saman, skape trygge og attraktive omgjevnader for trafikantar i Ørsta og Volda, med betre og tryggare vegar, For Ørsta sin del er det mellom anna ønske om å få lenga Torvmyrvegen, få betra tilhøve i fleire kryss, mellom anna flyplasskrysset, krysset på Ose, ny bru på Ose og utgreiing om Ørstafjordkryssinga.

fjordkryssing: Ørstafjordkryssinga må vente på utgreiingane om fjordkryssing av Vartdalsfjorden og Sulafjorden, og arbeidet med planane kan tidlegast starte opp i 2020, opplyste Statens vegvesen.
Møte: Prosjektleiar i Statens vegvesen region Midt, Kjetil Strand .