– Vi vil understreke at vi støttar det initiativet samfunnsutvalet ved leiar Inge Kolås (Frp) tok i saka. Det var eit initiativ teke i beste meining, men som har vorte kritisert. No registrerer vi at saka kjem opp att etter at fem medlemmer i samfunnsutvalet ber om dette. I forkant av siste kommunestyremøte vart det avklara at fleirtalskonsetallsjonen stiller seg bak det initiativet leiaren har teke, seier Aam og Høydal.

Dei poengterer at det er på plass ein setjerådmann til å greie ut saka og kome med tilråding. Det er Skjåk kommune.

– I kommunikasjonen med Skjåk kommune er det ordføraren som vil ha all kontakt, og syte for at all skriftleg dokumentasjon vert tilgjengeleg, seier Høydal. Ho og ordførar Aam understrekar at det må på plass ein veg frå Hansholen/Eliholen til Melsvegen for å få ei permanent løysing.

– Men vi må ha ei mellombels løysing, og det søkjer vi hjelp til no, seier Høydal og Aam.