Store nedbørsmengder i førre veke

– Vi har hatt nokre store prosjekt knytt opp mot naturskade i desse vassdraga. Bondalselva vart ferdig utbetra i fjor haust, og arbeidet i Mosdalen er og ferdigmeldt. For nokre få dagar sidan var det store nedbørsmengder, men eg kjenner ikkje til skademeldingar frå desse vassdraga. Det viser at utbetringsarbeidet har fungert, seier Hagen.

– Har starta utbetring

Lensmannen viser og til Barstadvikelva som vart råka av flaum i fjor haust.

– Der er arbeidet med skadeutbetring starta fleire stader. Tidleg i januar var to maskiner i sving med å rette opp elveløpet og bruke elvemassene til gjenoppretting av elveførebyggingane. Eg tenkjer at allereie med dei tiltaka som er påstarta har Barstadvikelva eigentleg oppnådd flaumvern.

Ørsta kommune har søkt Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) om bistand og tilskot til sikring av Storelva i Barstadvik med eit massebasseng.

– Dette er eit positivt prosjekt, og eit massebasseng vil medføre at elvemasser blir stogga og ikkje ført vidare mot Barstadvik og E39.

Hagen oppmodar Ørsta kommune og interessentar om ei mogleg etablering av eit massebasseng i Liadalsdalen.

– Det er eit sikringstiltak som er lett å oversjå. Eit massebasseng vil kunne fange ut t.d. steinar som kan øydelegge førebygging nedover elva.

Lensmannen kjenner seg trygg på at flaumsikringstiltaka som er gjort i Ørsta sentrum har hindra skade seinast førre veke.

– Dette har førebygt skader både på privat og offentleg eigedom, og det viser at sikring er god samfunnsøkonomi.

Skade skal meldast til landbruksdirektoratet

Etter nyttår skal ikkje lenger naturskade meldast til lensmannen, men det meldast elektronisk til landbruksdirektoratet.

– No er det mykje større krav til dokumentasjon i ein tidleg fase. Det er viktig at dei som har skogsvegar, plassar nær vassdrag, elveførebyggingar eller sjøfyllingar dokumenterer med foto og beskrivingar, og har dette liggande klart om det skulle oppstå skade. Om dette er på plass er det eit godt grunnlag og du vil vere betre stilt ved ei framtidig skade.