Alt er klarert for bygging, og politikarane jublar ein etter ein. Men Odd Magne Vinjevoll (Frp) er uroa over det han meiner kjem til å verte mangel på parkeringsplassar rundt hallen.

– Etter at hallen vart flytta frå Mosflata til Utstillingsplassen er det ikkje teke omsyn til det trafikale rundt hallen. Der vert marginalt med parkeringsplassar, og det kjem til å mangle slike i samband med større arrangement i hallen, frykta Vinjevoll. Han meiner ein må leggje til rette for parkering på andre sida av elva.

Vinjevoll er også uroa over tafikksituajsonen elles i området rundt fleirbrukshallen.

– Vi må få på plass ein plan som inneheld det trafikatele bildet totalt for denne delen av sentrum, meinte Vinjevoll.

Etter at hallplanen no er velsigna rår det glede og optimisme mellom lokalpolitikarane.

Startstreken

– Eg har stått på startstreken nokre gonger i høve denne saka, og håper dette vert den siste. Får vi til det som no ligg på bordet får vi eit fantastisk anlegg heilt ned til minste detalj. Det har kome ein del kostnader i tillegg til det som var på Mosflata, m.a. klubbhus i hallen og tekniske forskrifter. Eg håper vi slepp å auke rammene, sa Gunnar Knutsen (V).

Ordførar Stein Aam var også begeistra.

– Den nye nemnda for hallen har vore ein suksess og har fått på plass detaljar for det meste. For meg er det heilagt: Byggestart skal vere 1. juni og opning i løpet av desember 2018, sa Aam som var samd med Vinjevoll om at det må verte orden på infrastrukturen. Aam meinte også at Utstillingsplassen må få erstatningsareal på Mosflata.

Rune Hovde (H) meinte det no er kjempeviktig med framdrift med fullt trykk i høve saka, også overfor fylket som har lova pengar til uteområdet.

– Slepp vi trykket, stoppar det. Vi har også før vore skremmande nær oppstart av bygginga.

Paul Kristian Hovden (KrF) peika på at hallen ikkje må verte så minimal at ein ikkje får plass til viktig løysingar for garderobar, medan Karen Høydal (Ap) minte om at ein ikkje må gløyme at det også må kome eit symjeanlegg i tilknyting til hallen.

Magne Jonny Krumsvik (Frp) oppmoda om at alle krefter no står på for at hallprosjektet kjem heilt i mål.