Det er berre eit år sidan 20 år gamle Anbjørn Steinholm Frislid, den yngste politikaren i Ørsta kommunestyre, stod fram som homofil og kom «ut av skapet». No kjempar Frp-politikaren for å sikre lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og intersex (LHBTI) sine levekår, og at diskriminering av desse gruppene skal forsvinne.

Ordførar Stein Aam svarte på ein interpellasjon frå Anbjørn Steinholm Frislid som lurte på kva kommunen gjer for å sikre LHBTI sine kår, og for å hindre diskriminering. Aam svara at kommunen ikkje har planar eller tiltak retta spesifikt mot LHBTI-personar, men at kommunen har eit breitt spekter av tilbod og tenester som arbeider med utfordringar knytt til også denne gruppa. Aam peika også på at levekårsplanen vil ha fokus på inkludering og likestilling, også diskriminering.

Frislid heldt eit grundig innlegg i kommunestyret m.a. om dei negative konsekvensane av at t.d. homofile framleis vert diskriminerte i samfunnet, slik Frislid opplever det.

Innlegg

Det var i eit avisinnlegg i fjor at Frislid fortalde at han er homofil.

– Eg tenkte i mange år på å stå fram. Når det skjedde gjekk det er for det meste greitt. Folk flest aksepterer meg for den eg er, familien aksepterer det og venner gjer det. Likevel kan eg merke negative haldningar frå nokre. Når ein er open homofil vert ein del av eit miljø og ein får kjennskap til mange som har utfordringar med å høyre til gruppa LHBTI. Det er faktisk ein del som ikkje torer å stå fram av ulike grunnar, nokre er bekymra for korleis familien vil seie til dette, andre kan vere bekymra for kva venner og andre vil seie. Mitt råd til folk flest er at dei skal behandle alle med respekt, same kva gruppa ein snakkar om. Ein er ein vanleg person same om ein er homofil eller heterofil, dette har ikkje noko å seie i den store samanhengen, seier Frislid.

Han var letta den dagen han kunne fortelje kven har verkeleg var.

– Åra før eg stod fram som homofil var dels vanskelege då eg følte meg annleis. Eg tenkte mykje på korleis folka ville reagere viss eg stod fram, og om folk ville akseptere det. Men bekymringane var eigentleg grunnlause. Ved å stå fram håper eg kan gjere det lettare for andre å stå fram. Det er viktig med fokus om dei utfordringane LHBTI-personar har, fortel Frislid som til dagleg er lærling for helsefagarbeidar.

Frislid fekk mange verbale klapp på skuldra for engasjementet sitt.

– Eg vil skryte av representanten som har teke opp denne saka. Har vi nokon gong hatt sak i kommunen som har vore skikkeleg forankra i diskrimineringslova? Det er no på gang ein levekårsplan der diskriminering verkeleg må bli teke på alvor, sa Karen Høydal (Ap).

Frida Gillberg (MDG):

– Frislid er modig og kunnskapsrik. Kunnskapen om LHBTI er for liten i samfunnet. Vi må få på plass kunnskapen i styringsdokumenta våre.

Marit Aklestad (SV) var samd:

– Vi må ha ein handlingsplan mot diskriminering av LHBTI inn i levekårsplanen. Det kan vere vegen å gå.

Ola Perry Saure (Sp):

– Fordommane mot LHBTI var mykje større då eg vaks opp. No er det betra men framleis er det langt igjen.

Tove Halse Digernes (Sp):

– Det er vi, folket, som har haldningane. Kommunen kan ha så mange planar dei vil, men det er folk flest som må jobbe med haldningane. Vi må lære oss å verte større medmenneske, same kva som står i ein plan. Men eg er samd i ein plan mot diskriminering i levekårsplanen.

Hans Olav Myklebust (Frp):

– Det er greitt med planar, men vi må også ha fokus på å unngå diskriminering. Alle er like mykje verd.