Linja for helse og oppvekstfag er no den største linja på Ørsta vidaregåande skule med over hundre elevar.

– Faga i helse og oppvekst er populære over heile landet, og det er ein trend av mange unge vel desse faga når dei skal utdanne seg. Utdanninga gir sikre arbeidsplassar, ikkje minst når eldrebølgja kjem. Det er også i dag større krav til fagbrev i barnehagane, fortel avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag og design og handverk, Anne-Marit Bae.

Helse og oppvekstfag har fire vg1-klasser, to klasser vg2 helsefagarbeidar, og ei klasse vg2 barne og ungdomsarbeidarfag.

Fagdag

Torsdag vart det arrangert fagdag for alle elevane der tema var «folkehelse før og no». Fleire lokale ressurspersonar besøkte skulen i samband med fagdagen, m.a. folkehelsekoordinator Ingvild Endal, Karen Øie og Astrid Bjørdal frå Frisklivssentralen, Anne Paulen frå diabetesforbundet, frivilligkoordinator for eldre, Norunn Glomnes og besøkstenesta for Røde Kors der Jostein Vatne orienterte. I tillegg besøkte Kari Sofie Iversen frå Trondheim skulen. Ho arbeider i stiftinga «Livsglede for eldre».

Elevane vart utfordra til å halde presentasjonar om ulike tema knytt til temaet folkehelse før og no. Nokre av tema handla om etikk og verdiar og haldningar til funksjonshemma før og no. Feitleiksproblematikk blant unge var eit anna av mange tema.

Folkehelsekoordinator Ingvild Endal var imponert over elevane.

– Dei held eit kjempebra nivå og var grundige, meiner ho.

Nytt fag

Populariteten er altså stor for helse og oppvekstfaga i Ørsta. No er Anne-Marit Bae spent på interessa for helsesørvisfaget som vert etablert som eit nytt fag under helse og oppvekst på Ørsta vidaregåande frå hausten. Dette er eit treårig utdanningsløp der elevane som fullfører vert kvalifiserte for å jobbe som apotekteknikar, helsesekretær eller tannhelsesekretær.

– Møre og Romsdal fylke kom med ein førespurnad om vi kunne etablere helsesørvisfaget på skulen vår. Og det vil vi. Det er kjekt at helse og oppvekstfaga er i vinden. Vi går ei trygg tid i møte med desse flinke elevane! Spår Bae.

fagdag: Framme f.v: Elevane Jenny Emilie Bueide Gulla og Claudia Marilyn Gården. Bak: Avdelingsleiar Anne-Marit Bae, Camilla Kleppe Eidså (kontaktlærar) , Kari Sofie Iversen (stiftelsen Livsglede for eldre) og Ann-Mari Myklebust (kontaktlærar). Foto: Roy-Arne Folkestad
Framføring: Elevane vart utfordra til å halde presentasjonar om ulike tema om folkehelse. Foto: Roy-Arne Folkestad