– Vi må vege moglegheitene opp mot kvarandre, og få fram både fordelar og bakdelar med å halde fram i Ørsta kommune eller gå over til Volda og Hornindal. Vi må bruke god tid på dette arbeidet, og vi kan ikkje forhaste oss. Denne saka er svært viktig for dei som bur her, og vi må få fram alle dei ulike meiningane om vegen vidare, seier nyvalt leiar Svein Magne Homberset Sjåstad i Bjørke grendalag.

Fredag kveld var det årsmøte i Bjørke grendalag, og ei av sakene på sakslista var justering av kommunegrensa for den delen av Ørsta kommune som gjeld Bjørke. At denne saka engasjerer mange av dei som bur i området viste oppmøtet på grendelagsmøtet.

– Eg har aldri sett så mykje folk på eit grendelagsmøte tidlegare. Sist gang må vere då ein tidlegare ordførar Rune Hovde ville leggje ned legekontoret på Bjørke. Dette er ei sak som engasjerer. Det var og venta engasjement på møtet, og saka er alvorleg, seier Homberset Sjåstad.

– Må samle og konstituere oss

Korleis vegen vidare ser ut for arbeidet som styret i grendelaget skal starte på, er litt uviss.

– Det første vi må gjere er å samle og konstituere oss. Så må vi finne ut korleis vi skal legge opp arbeidet vidare. Det er eit omfattande arbeid vi skal i gang med, og det er mange moment.

Grendelagsleiaren seier at det er naturleg å sjå til andre stader som har vore gjennom liknande prosessar, men at det alltid vil vere individuelle tilpassingar i eit slikt arbeid.

Folkemøte og folkerøysting

I vedtaket som vart gjort fredag er det lagt opp til ei folkerøysting før det vert teke eit endeleg standpunkt om å vere i Ørsta eller gå til Volda og Hornindal.

– Vi må no skaffe oss eit best mogleg grunnlag, og det kan kome fleire folkemøte på Bjørke. Det er viktig at vi tek vare på alle sine meiningar, og at vi gjev oss den tida som dette arbeidet krev, seier Homberset Sjåstad.

Etter det Møre-Nytt får opplyst var det god debatt på møtet i grendelaget fredag kveld, og stort fleirtal om vedtaket som vart gjort rundt kva kommune Bjørke og bygdene rundt skal høyre til i framtida.

Nyvalt leiar: Svein Magne Homberset Skjåstad er ny leiar i Bjørke grendalag.