Det skriv sorenskrivar Elisabeth Wiik i årsrapporten frå Søre Sunnmøre tingrett i Volda.

– 2016 har dessverre, til liks med 2015, vore eit år prega av DA sitt uttalte ønske om å legge oss ned. Dette sjølv om Stortinget i desember 2015 vedtok at ingen domstolar skulle verte lagt ned mot si vilje. Vi mistenker at ønsket om å legge oss ned også ligg bak manglande ny leigekontrakt for tingretten (den noverande gjekk ut i årsskiftet 2014/2015), tingretten sine svært uakseptable lokale, og inndraging av dommarfullmektigstilling, skriv Wiik.

Uro

Ho legg til at direktør Svenn Marius Urke, til og med under opninga av det nye tinghuset i Ålesund i november 2016, presiserte i opningstalen sin at DA stadig arbeider for å redusere talet på tingrettar.

– Dette skaper uro og utryggheit blant dei tilsette, og gjer både arbeidsmiljø og arbeidssituasjonen utfordrande. I tillegg skaper dette mykje ekstra administrativt arbeid som domstolen heller kunne ha brukt på domstolsverksemd.

Til trass for dette, skildrar Elisabeth Wiik at dei har historisk gode tal når det gjeld saksavviklingstid.

– Dei tilsette tok direktør Urke på ordet på regionalsamling hausten 2015 då han sa at det var slutt på den tida at låg saksavviklingstid skulle føre til inndraging av ressursar. Dei tilsette ville gjerne vise til DA at sjølv om vi er ein liten tingrett er vi både effektive og leverer tenester av høg kvalitet, og at vi difor heilt klart har livets rett.

Gjennom storstilt dugnadsinnsats både i 2015 og 2016 fortel sorenskrivaren at dei tilsette har redusert restansane og saksavviklingstida slik at dei er blant dei beste domstolane i landet.

– Likevel fekk vi inndratt ei dommarfullmektigstilling, noko vi opplevde som svært frustrerande og som prega dei siste månadene av 2016. Vi synest det er underleg at DA som eit direktorat kan fortsette med nyoppretta stillingar, medan domstolane må nedbemanne med tilvising til krav om avbyråkratisering. Det hadde vore naturleg at DA tok den vesentlege delen av budsjettkutta slik at domstolane kunne halde fram med si grunnlovsfesta oppgåve utan å nedbemanne.

Ueigna lokale

Lokala tingretten har tilhald til i dag, på sorenskrivargarden i Volda, er også ueigna.

– I 2016 har domstolen hatt tre saker der ein av aktørane har brukt rullestol, og såleis ikkje har hatt høve til å kome seg opp i rettslokala i andre etasje. Denne situasjonen er uverdig og uhaldbar. Eg viser til at både direktør Urke og avdelingsdirektør Jann Ola Berget i 2014 uttalte at lokalsituasjonen ved tingretten var prekær. Likevel er situasjonen den same ved inngangen av 2017 – snart tre år etter.

Elisabeth Wiik skriv at det allerie no er klart at domstolen for 2017 vil ha store problem med å halde saksavviklingstida innanfor måltala, sidan dei har mista 33 prosent av dommarkapasiteten sin, og fordi dei ikkje veit om eller når dei eventuelt får tilsette ein ny dommarfullmektig.

– Etter at dei tilsette har gjort ein enorm innsats for å oppnå årets gode tal, er dette lite motiverande. Vi er likevel innstilt på å gjere det beste for brukarane våre og dei tilsette krummar nakken og er som vanleg fantastiske.