Det var i fjor haust drosjeeigarane i Ørsta og Volda sende søknaden om å samle dei to drosjesentralane i kommunane i éin, felles sentral. Søknaden vart innvilga av samferdselsutvalet i fylkeskommunen, og var oppe som referatsak i Ørsta formannskap i førre veke.

– No har det vore fleire skipingsmøte, med oppretting av nye sameige i Ørsta og Volda og eit felles sameige for dei to kommunane. Det blir også oppretta eit nytt driftsselskap som skal ha hovudsete og sentral i Volda. Men sjølv om det blir danna felles sentral, skal drosjene i Ørsta ha base i Ørsta, som i dag, forklarte assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

Det skal framleis vere fire løyvehavande i Ørsta og fire i Volda. Eigarforholdet blir likestilt mellom eigarane. Drosjene skal også framleis drive med pasientreiser.

– Tilbodet blir det same som i dag med denne løysinga, sa Øye.

Han la likevel ikkje skjul på at det har vore usemje om planane innanfor drosjenæringa.

– Vi har hatt ein konstruktiv diskusjon med dagens løyvehavarar, og funne gode løysingar.

– Denne saka har gått litt varm, men no er ho på skjener, supplerte ordførar Stein Aam (Sp).

Har engasjert seg

Ørsta kommune er ikkje direkte part i saka. Det er fylkeskommunen som rår over drosjeløyve og oppretting av sentralar. Kommunen har likevel engasjert seg i prosessen.

– Det har sett ut til at dette kunne påverke skulekøyringa, så vi har engasjert oss for å finne løysingar for det. Det har vi fått på plass, og då er vi ikkje uroa for endringar som minskar tilbodet, sa Øye.

Mørebil

Gunnar Knutsen stilte spørsmål ved om dette påverka planane om drosjebase ved ein ny skysstasjon på mørebil-tomta. I desse planane er det sett av areal til ein slik base.

– Vi har regulert inn areal til ein drosjebase her, men vi kan ikkje tvinge drosjeeigarane til å leige desse lokala. Men vi har gjort dei merksame på planane våre.