Det seier ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda om Torvmyrvegen. Prosjektet har gitt hovudverk i årevis, men no ligg det endeleg ei løysing på bordet som alle godtek. Fylkesmannen vil trekke motsegna om hjortetrekket, og vegen oppfyller krava for innflygingstraseen til Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

– Det er nytt, og det gir oss grunnlag for å gå vidare med prosjektet, seier Karen Høydal (Ap), varaordførar i Ørsta.

I førre veke fekk ho Ørsta formannskap med på eit vedtak om å ta nytt initiativ til å regulere ferdig vegen, i samarbeid med Volda.

– Det er positivt. Om det blir Volda kommune eller Ørsta kommune som står for sjølve reguleringsarbeidet, er ikkje vesentleg. Der får vi uansett til ei ordning, seier Amdam.

Dei to drøfta det felles samferdselsløftet med Møre-Nytt etter eit ordførarmøte om samferdsel ved Bøstrand transport sist fredag (sjå tysdagsutgåva av Møre-Nytt).

Det meste av Torvmyrvegen er allereie regulert, men det står att ein bit i hjortetrekkområdet rundt kommunegrensa.

Økonomi

Når motsegnene mot vegplanane no er rydda av vegen, er finansieringa den store utfordringa. Planane inkluderer to kulvertar for å oppfylle krava til hjortetrekk og for å passere den nye E39 mot Voldatunnelen, i tillegg til senking i terrenget for å oppfylle høgderestriksjonskrava. Statens vegvesen meiner vegen vil koste 90–100 millionar kroner å bygge.

– Spørsmålet er om det er rimeleg at alt skal leggast på kommunane, eller om også staten bør ta noko av kostnaden. Når det gjeld kulverten under E39, så må vel den byggast for dei som bur på Furene sida av vegen uansett. Kven skal ta kostnaden med denne kulverten? Om du spør meg, så er det staten som bør koste denne, seier Karen Høydal.

Bompengar

For brukarane av Torvmyrvegen og Voldatunnelen vil det ha lite å seie kven som tek kostnaden.

– Begge prosjekta blir heilt eller delvis bompengefinansierte uansett, og vi kan ikkje ha ein statleg og ein kommunal bompengesats, seier varaordføraren.

Ein dyrare torvmyrveg betyr høgst truleg også ei høgare bompengerekning for bilistane som passerer den framtidige bomringen i Ørsta og Volda.

– Men bompengesatsane bør vel ikkje bli så høge at folk blir skremde frå å køyre mellom eller gjennom Ørsta og Volda?

– Nei, og nettopp difor må vi jobbe hardt med kostnadssida her, og passe på at vi får eit prosjekt som er mest mogleg kostnadseffektivt, seier voldaordføraren.

Samanheng

Amdam meiner utbygginga av Torvmyrvegen bør sjåast i samanheng med anleggsarbeidet for Voldatunnelen.

– Om det blir naudsynt å etablere eit massedeponi og bygge ein anleggsveg til dette, bør det vere mogleg at dette dannar grunnlaget for Torvmyrvegen. Då bør det vere mogleg å få han på plass i samband med utbygginga av tunnelen.

Dei to er samde om at også betring i flyplasskrysset er svært viktig for å få eit fullverdig vegsystem i Hovdebygda og Furene.

– Flyplassen gjer krysset til eit regionalt knutepunkt, og det er klart at det må vere mogleg å kome inn på E39 her også, seier Høydal.

Både flyplasskrysset og Torvmyrvegen er venta å få plass i samferdselspakken for Ørsta og Volda. Det er ei arbeidsgruppe leia av Jørgen Amdam som skal kome med forslag til kommunestyra om prioritering av kva prosjekt som skal vere med i pakken. Før den tid skal ei ekspertgruppe seie sitt om prosjekta.

– Det blir sjølvsagt ein viktig diskusjon om kor mange prosjekt i Volda og kor mange i Ørsta som skal få plass, seier Amdam.

Svein Sunde i Gode Vegar AS presiserer at arbeidet med samferdselspakken framleis er i startgropa.

– Vi veit ikkje noko konkret om bompengesatsar og prioritering av prosjekt før tidlegast rundt påsketider. No er det tid for høgttenking. Vi håper difor mange kjem med innspel under dei opne møta i Aasen-tunet 30. januar, seier han.

Først i 2018 eller 2019 er det venta at ein bompengesøknad er klar for stortingsbehandling.