I lokala til Lånekassa var stemninga munter og god, dagen etter at dei tilsette fekk vite at arbeidsplassane deira skal vidareførast i Ørsta. Og dette var dagen for gratulasjonar og blomehelsingar. ordførar Stein Aam var ein sjølvsagt gjest denne dagen, det same var Volda-ordførar Jørgen Amdam, dagleg leiar i regionrådet, Jan Trygve Aurdal og rådgjevar i rådet, Erlend Krumsvik. Alle har kjempa hardt mot framlegget frå Lånekassa om nedlegging i Ørsta. Men det var statsrådane Sylvi Listhaug (Frp) og Jon Georg Dale (Frp), saman med stortingsrepresentant Pål Farstad (V), som måndag fekk æra av å gi dei tilsette gladmeldinga om at kontoret var berga.

– Desse kom og skumma fløyten. Og det er heilt greitt. Eg er fotsoldat og gir dei gjerne æra, sa Stein Aam i kjend stil under seansen i Lånekassa tysdag.

Rosar

Ordføraren rosar sunnmørsordførarane sitt engasjement i saka, like eins regionrådet og Høgskulen i Volda.

– No ser eg fram til at Lånekassa i Ørsta vert utvikla etter framtidige behov, seier Aam.

Administrerande direktør Marianne Andreassen i Lånekassa gjekk altså inn for å leggje ned kontoret i Ørsta, men seier no at ho er glad for departementet si avgjerd.

– Eg har ikkje problem med å halde meg til politisk vedtak. I dag skal vi vere glade for at kontoret i Ørsta skal vidareførast. Vedtaket om struktur gir oss moglegheit til å utvikle oss slik vi ønskjer. Og Ørsta-kontoret skal vere med på den vidareutviklinga som heile tida skjer i Lånekassa, fortel Andreassen som gjer det klart at det ikkje skulle takast distriktspolitiske omsyn når strukturen i verksemda vart drøfta.

Kontora i Bergen og Tromsø skal leggjast ned, og Andreassen fortel at dei no framover vil gi stor merksemd til dei som misser arbeidet.

– Eg kan ikkje gi lovnad om at Ørsta-kontoret skal styrkjast, men tilsette frå andre Lånekassa-kontor er hjarteleg velkomne til å søkje jobb i Ørsta dersom nokon ønskjer å flytte hit. Her står ein klar med opne armar, seier Andreassen som tenkjer på eventuelt ledige jobbar grunna naturlege avgangar.

Direktøren for Lånekassa lovar at Ørsta-kontoret no er freda.

– Vi kjem til å gjere tilpassingar i organisasjonen, men skal ikkje ha nokon prosess med avvikling av fleire kontor. Slikt er knalltøft for dei dette gjeld.

glede: – No ser eg fram til at Lånekassa i Ørsta vert utvikla etter framtidige behov, seier ordførar Stein Aam. Administrerande direktør Marianne Andreassen i Lånekassa lovar utvikling. Foto: Roy-Arne Folkestad