Med ca ei veke igjen til fristen for påmelding er det framleis plass til mange fleire deltakarar i alle klassar til ungdommens kulturmønstring.

- Det er ikkje uvanleg at påmeldingane kjem inn mot slutten, faktisk har det vore slik dei fleste år, så vi er ikkje uroa, fortel Rebecca Riise Bjerknes.

Ho sender likevel ut ei oppmoding til dei som kjenner at dei har litt lyst til å melde seg på. Ho er UKM-ansvarleg i Ørsta, og gler seg til mønstringa den 5.februar på Ørsta kulturhus.

– Vi har så mange flinke ungdomar i Ørsta og Volda, og det er like kjekt kvart år, seier Riise Bjerknes.

Også i år vert det arrangert felles kulturmønstring for Ørsta og Volda. Kanskje kan dette verke skremmande på nokon, men Rune Rotevatn, UKM-ansvarleg frå Volda, forsikrar at det vil vere trygge og kjekke rammer rundt mønstringa.

– Når vi samlar kreftene frå både Ørsta og Volda, har vi betre dekning av vaksne, som er til stades for ungdomane.

UKM er ungdomane si eiga mønstring, og her skal alle føle seg heime.

– Kulturmønstringa er ikkje ein konkurranse, men ein arena der det skal vere trygt og godt å vise fram talentet sitt, påpeikar dei. Talent er det mykje av i Ørsta og Volda, og vi håper at så mange som mogleg vil dele det med oss. For mange har deltaking i ei kulturmønstring vore starten på fantastiske karrierar både innan song, dans eller kunst, seier Rotevatn og Riise Bjerknes.

Det er mogleg å melde seg på fram til 29.januar, og det er mogleg å endre påmeldinga etter kvart.

– Her er det ingenting å vente på. Alle mellom 10 og 20 år kan delta i klassene scene, kunst, konferansier og lyd og lys, fortel dei to UKM-ansvarlege.

UKM: – Ver med på UKM, oppmodar Rebecca Riise Bjerknes og Rune Rotevatn.