– Vi er i ei stode med eit stort etterslep i vedlikehaldet av kommunale bygningar. I staden for å køyre vedlikehaldet over driftsbudsjettet, som har vore vanleg, flyttar vi no vedlikehaldet for inntil 24 bygningar over i investeringsbudsjettet, og tek alt på 17 månader, fortel energileiar Kjell-Magne Rindal i Volda kommune.

Dette er mogleg gjennom eit felles prosjekt for Volda kommune og Norsk Enøk og Energi AS (NEE). Partane har gått inn ein avtale om å gjennomføre energiøkonomseringstiltak og oppgraderingstiltak på inntil tjuefire bygningar. Det handlar om til saman inntil 220 tiltak i desse bygningane.

Gjennom ein såkalla EPC-sparegaranti, er det reduksjonen i energiforbruket som skal finansiere investeringane. Denne delen av prosjektet dekkjer inntil 45 millionar kroner av kostnadene. NEE garanterer dette. Volda kommune dekkjer sjølve inntil 45 millionar kroner av investeringane. Også statlege tilskot og auka husleige skal vere med på å dekkje inn kostnadene.

Bakgrunnen for satsinga er i tillegg til vedlikehaldsetterslepet at kommunen har ein vedteken klimaplan om å minimere energiforbruket med ti til 25 prosent. Det har vidare kom e lovkrav om energimerking av offentlege bygningar.

Dette gjorde at kommunen i 2014 starta med vedlikehalds- og energieffektiviseringsprosjektet, og no har prosjektet kome til starttidspunktet.

Det er avtala med NEE at tjue bygningar skal verte oppgraderte og få smarte energiløysingar. I tillegg er det opsjon om å gjennomføre tiltak i fire andre bygningar.

– Og alt skal gjerast i løpet av sytten månader, og det skal vere så normal aktivitet som mogleg i desse bygningane medan arbeidet held på, fortel Rindal.

Volda samfunnshus

To av prosjekta skiljer seg ut, og det er Ivar Aasen-bygget på høgskulecampusen og det er Volda samfunnshus.

Ivar Aasen-bygget er det eldste bygget til den tidlegare distriktshøgskulen. Der skal kommunestyret ta stilling til om det skal byggjast på ein tredje etasje i same slengen. I så fall vert dette eit stort prosjekt.

Også vedlikehaldet og oppgraderinga av samfunnshuset vert omfattande, mellom anna med nye vindauge og heilt nytt tak.

– I skifer, presiserer Rindal.

Kommunestyret har godkjent hovudprosjektet, og gevinstane for Volda kommune vert mange, meiner Rindal.

Han viser til at kommunen får gjennomført etterlengta og naudsynt vedlikehald, det vert eit betre innemiljø i desse bygningane, klimamålet i klimaplanen vert innfridd og vel så det, grunnskulen skal verte involvert med undervisningsopplegg om energieffektivisering, alle bygningar vert energimerka, og ikkje minst får mange tilsette auka kompetanse i energieffektivisering.

– Viss vi skulle ha gjort dette på vanleg finansieringsmåte ville det ha kosta 23 millionar kroner meir, og vi ville ha teke opp lån vi hadde betalt på i tretti år, seier Rindal.

– Vi har hatt tilsvarande prosjekt i fleire kommunar på Austlandet, og erfaringane er gode. Det er no også på gang tilsvarande prosjekt på Søre Sunnmøre, mellom anna i Herøy, seier prosjektleiar David Raudberget i NEE. Dei vil bruke lokale entreprenørar på dei ymse tiltaka.

– Når prosjektet er gjennomført om sytten månader vil vi ha oppnådd ein årleg innsparingsgevinst på 2,925 GWh. Det vil seie opptil førti prosent reduksjon i energiforbruket i dei bygningane vi oppgraderer. Vi gjev ein fem års garanti på desse innsparingane, fortel Raudberget.