Det melder NRK Møre og Romsdal.

Helse Møre og Romsdal ønskjer likevel at kirurgisk akuttberedskap ved sjukehusa i Volda og Ålesund vert sett i fellesskap, noko som inneber at fagpersonell må jobbe ved begge sjukehusa.

Styret i Helse Midt-Noreg: Sa ja til akuttkirurgi i Volda Gjekk inn for å behalde akuttkirugien.

Styremøte

Styret i Helse Møre og Romsdal skal handsame saka på møte 25. januar.

I sakspapira står det:

"Styret for Helse Møre og Romsdal stadfestar vedtak i HMN RHF styresak 54-16; «For kommende utviklingsplanperiode legges det til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal opprettholde et akuttkirurgisk tilbud ved Volda sjukehus».

Vidare: "Styret føreset eit tettare samarbeid mellom fagmiljø ved Ålesund sjukehus og Volda sjukehus."

Helse Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Helse Midt-Norge å gjere ei grundig vurdering av situasjonen for det akuttkirurgiske tilbodet i Volda. I oppdraget heiter det at: "Volda sjukehus har eit opptaksområde (om lag 42.000) som vil gjere det krevjande å oppretthalde full kirurgisk akuttberedskap. For komande utviklingsplanperiode vert det lagt til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal oppretthalde eit akuttkirurgisk tilbod ved Volda sjukehus. Det låge pasientgrunnlaget som soknar til sjukehuset kan gi utfordringar knytt til å sikre nok kirurgar til å dekke ei vaktordning, nok kompetanse og trening på akuttkirurgiske prosedyrer, og tilstrekkeleg elektiv aktivitet på dagtid. Med dei utfordringar som er skildra i Nasjonal helse- og sjukehusplan omkring akuttkirurgisk beredskap, vil dette fordre samarbeid mellom sjukehus og fagmiljø utover det som er i dag."

Helse Midt-Norge forventar difor tettare samarbeid mellom fagmiljøa i Volda og Ålesund, mellom anna for å sikre nødvendig kompetanse slik at kvalitet og pasientsikkerheit i det akuttkirurgiske tilbodet vert vareteke.