– Status for eitt år sidan var at vi hadde ein branngarasje for brannbilar som og fungerte som garderobe, møterom og diverse andre funksjonar. Takhøgda var for låg til at vi kunne få inn ein ny hovudbrannbil, sa brannsjef Einar Ytre-Hauge under opninga.

Det første planmøtet vart halde i 2013. Hausten 2015 vart det sendt ut anbod, og 1. mars i 2016 starta ombygginga.

– Det har vore eit krevjande og omfattande arbeid å byggje om eit bygg som var over 60 år gammalt. Utfordringar har det vore ein del av. Det var ikkje alt som var mogleg å føresjå, og del overraskingar har kosta, men resultatet er vi svært nøgde med. Vi har fått på plass ein ny vognhall, garderobar med toalett og dusj, vaskeri og møterom.

9,3 millionar kroner

Ombygginga av brannstasjonen i Ørsta sentrum kosta om lag 9,3 millionar kroner pluss moms.

– Mannskapet har no fått ein rein arbeidsplass som gir trygge og sunne arbeidsforhold. Dette saman med nye rutinar skal vere med på å førebyggje helseskadar. Beredskapen vert styrka ved ny hovudbrannbil kjem på plass i mai. Det å ha gode arbeidsforhold og utstyr som vi kan stole på gir betre motivasjon og beredskap, sa brannsjefen som retta takk til politikarane for å ha løyvd pengar, konsulentar, byggjeleiar, entreprenørar, leverandørar og brannmannskapa som har gjort rivings- og dugnadsarbeid for å få ned kostnadane i prosjektet.

Lensmann Guttorm Hagen understreka at Ørsta brannvern gjer mykje meir enn å sløkkje brannar.

– Eg tykkjer at det har vore ei god utvikling på materiell, og det er veldig bra at vi har ein god brannstasjon som nær rådhuset når kriseleiinga i kommunen er samla, sa Hagen og gratulerte brannvernet med dagen.

– Ørsta brannvern fortener verkeleg den nye brannstasjonen

For nokre år sidan gratulerte brannsjefen i Ørsta Volda brannvern med ny brannstasjon. Torsdag var det brannsjefen i Volda sin tur til å gratulere kollegaene i Ørsta.

– Eg tykkjer det er gledeleg å sjå at brannmannskapa i Ørsta har fått ein triveleg, lys og rein arbeidsplass der dei verkeleg kan tenkje på seg sjølv, ikkje berre dei vi skal hjelpe. Det er viktig med trygge og gode arbeidsforhold, og det har blitt altfor lite prioritert. Det å vere brann- og redningsmann kan vere både krevjande og farleg. Å ha arbeidsforhold som gjer at vi kan ta vare på helsa vår er kanskje noko av det viktigaste som arbeidsgivar kan legge til rette for. Ørsta brannvern fortena verkeleg den nye brannstasjonen, sa brannsjef Roy Inge Heltne.

Guttorm Øye tok ordet på vegner av brannmannskapa.

– Vi må takke politikarane som har brukt pengane på dette, administrasjonen, dei som har utført jobben og ikkje minst Einar som har gjort ein kjempejobb. Forandringa er så stor at det nesten ikkje er til å tru samanlikna med det vi hadde. Stasjonen har hatt mange utrykkingar allereie på ulike oppdrag, og det har fungert fint.

Ordførar Stein Aam stod for den offisielle opninga av Ørsta brannstasjon.

– For meg har det vore imponerande å sjå mannskapet i aksjon som tidlegare brannvernsleiar ved ulike institusjonar. Mannskapa har høg kompetanse og utdanning. No er ein ny brannbil snart på plass så kan vi vere trygge for at kjem til å gå bra. Det er ikkje ein eg-situasjon, men ein vi-situasjon som har fått dette til, sa Aam før han kutta ein brannslange med hydraulisk saks og erklærte brannstasjonen for opna.