- Det har skjedd utruleg mykje positivt frå ulike krefter lokalt i Hjørundfjorden. Og resultata merkast positivt,  men også utfordringar som parkering og kapasitet. No er det tid å gjere opp status, sjå på alle dei fantastiske produkta ulike aktørar allereie har, og vurdere både korleis desse kan vere basis for vidare satsing og kartlegge nye initiativ og mulegheiter.

- Ørsta har mykje av det tilreisande vil oppleve, både lokale og utanlandske, og vi må arbeide målretta for å utvikle tilboda og samtidig ta vare på dei unike kvalitetane. Derfor er det behov  for ei overordna ramme, det fylket kallar ein Masterplan, for ein gjennomtenkt og koordinert veg for den vidare utviklinga. Vi ønsker ei breiast muleg involvering, og samtidig ein rask veg til ei konkret tiltaksliste som flest muleg står bak, og som kan vere basis for vidareutvikling av produkt frå næringa sjølv og som base for konkrete søknader til fylket og Innovasjon Norge.

Det seier Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta Næringskontor som saman prosjektleiar Per Ivar Lied i Ørsta kommune er kontaktpersonar for masterplanen. Arbeidet som no går i første fase har fått tittelen «Masterplan for produktutvikling i Ørsta-regionen.

- Fleire besøkande og større aktivitet i Hjørundfjorden vil vere eit gode for heile Ørsta. Derfor er dette initiativet ikkje berre for aktørar i og ved Hjørundfjorden, men også for sentrum! Det er naturleg å tenkje seg at fleire vil overnatte og oppleve Ørsta, dersom det vert fleire tilbod i Hjørundfjorden, noko som ikkje minst vi håper vil kome handelsnæringane til gode. Fleire besøkande vil også vere positivt for å trygge nødvendig infrastruktur som ferjer og skyssbåt. Samtidig må ein vere medviten på ein gradvis vekst, der tilbod og etterspørsel går hand i hand. Viss ikkje kan det blir for stor vekst for raskt, og dermed press og sjenanse både for fastbuande og tilreisande.

I januar og februar skal det kartleggast og beskrivast ressursar i Ørsta-regionen for utvikling av regionen som reisemål og utvikling av stopp-produkt for gjennomgangsturisme. Det skal arrangerast tre arbeidsseminar, det første i februar, der håpet er at deltakinga vil vere brei frå næringsaktørar, kommune, reiselivsorganisasjonar og andre. Masterplanen skal vere ferdig til 1. juli.

– Vi inviterer alle interessentar og aktørar som har idear eller tankar til å vere med. Du treng ikkje å vere direkte råka for å ta del. Vi tenkjer Hjørundfjorden med opplevingar og heile kjeda frå lokalt landbruk og overnatting til Ørsta sentrum og handel.

Hjørundfjorden er kjernen i arbeidet som no startar, men det og tenkt at masterplanen skal sjå knutepunkta til Ørsta sentrum.

– Får vi fleire turistar dit kan det vere snakk om overnatting i Ørsta sentrum og opplevingar i Hjørundfjorden, eller det kan vere overnattingar i Hjørundfjorden og at gjestene t.d. vil på kino eller handle i Ørsta sentrum. Generelt så tenkjer vi at alle turisttilstrøyming til Hjørundfjorden vil vere positivt for sentrum, seier Lied.

Sjølve utforminga av masterplanen skal skje i mai og juni i år, og målsettinga er at planen skal vere ferdig til juni.

– Viktige nøkkelpunkt i arbeidet no er breidde og berekraft. Når vi er ferdig med masterplanen i juni skal vi ha 5–6 prosjekt som skal gjennomførast. Dette skal ikkje ned ei skrivebordsskuff, men realiserast av dei som sit i styringsgruppa.

Styringsgruppa er sett saman av fem representantar frå Destinasjon Ålesund-Sunnmøre, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta Næringskontor, Ørsta kommune og Innovasjon Norge.

– Der er allereie mange gode produkt i Hjørundfjorden og Ørsta, men det kan og vere nye produkt, idear og pakkinga av tilboda. Vi ynskjer å få fleire til å stoppe i området, og at dei som stoppar vert her litt lenger. Difor må vi sjå heile breidda frå lokal mat til tilrettelegging av småting som parkeringsplassar.