Og det var ein stor delegasjon av ordførarar og rådmenn som søndag drog på studietur til Øresundregionen i regi av Sunnmøre regionråd.

– Eg trur ikkje det er ein einaste kommune på Sunnmøre som ikkje er representert i det heile, seier ordførar i Stranda og styreleiar for regionrådet, Jan Ove Tryggestad til avisa Sunnmøringen.

Over 30 personar besøke Malmø kommune og nokre av dei danske kommunane på den andre sida av Øresund frå måndag til onsdag denne veka.

Digitalisering

– Digitaliseringa kjem som ei bølgje inn over oss over heile landet. Det er i den samanheng vi på Sunnmøre har vorte samde om å arrangere studieturen. Vi reiser m.a. til Malmø og ser på det som har skjedd i Sverige. Der har dei kome betydeleg lenger enn i Noreg, sa Tryggestad før avreise.

Først og fremst var dette ein tur for å auke kunnskapen kring digitalisering. Men det handla også om det sosiale. Mange av dei gamle ordførarane som var med på studieturar i prosessen knytt til kommunereforma, er skifta ut. Det er også nokre nye rådmenn. Så i realiteten er det nesten eit nytt ordførarkorps og ein del nye rådmenn også.

– Vi brukar turen først og fremst til fagleg påfyll, men også til å bli betre kjent med kvarandre, sa Tryggestad.

Delegasjonen flaug til København, og var i møte der. Men overnattinga var i Malmø, på den andre sida av Øresund.

– På kva måte har Malmø og dei andre kommunane de skal besøke kome lenger i digitaliseringa?

– Det er spesielt i forhold til bruk av teknologi i alt frå pleie og omsorg til skule, og til teknisk. Dei har også kome mykje lenger i forhold til demokratiseringsprosessar, og i bruk av digitale hjelpemiddel i politikarrolla. Kort og godt er det heile den kommunal portefølgja, og inntoget i høve til at vi går inn i ein liten digital revolusjon.

Styreleiaren nemner prosjekt knytt til såkalla smartare tenking og til Big data som næringslivet ropar høgt om. Dette er akkurat like aktuelt for offentleg sektor anten det gjeld innkjøpssamarbeid, planlegging eller andre ting, meiner Tryggestad.

studietur: Måndag var delegasjonen til Kävlinge kommune, Sveriges Kvalitetskommun 2015. FOTO: INGVILD LIADAL Foto: Roy-Arne Folkestad