Feilen er gjort i samband med utrekninga av avstanden frå heim til skule for dei to elevane som bur i Sætrebakkane og som går på Ørsta ungdomsskule.

– Vi har vorte gjort merksam på at det har vore gjort feil ved utrekninga av avstanden frå heim til skule i samband med skuleskyss dekt av Ørsta kommune. Ved ein feil har ein ikkje nytta Møre og Romsdal fylkeskommune sin avstandsutreknar, seier seksjonsleiar, skulesjef Kirsti Øy Driveklepp.

Den eine eleven som misser skuleskyssen bur 44 meter (!) for nær skulen til at ho kan få skuleskyss.

Avstandsreknar

– Ved bruk av avstandsreknaren viser det seg at eleven har 3.956 meter frå Sætrebakkane 28 til Ørsta ungdomsskule, Ripateigane 2 og har difor ikkje rett til betalt skuleskyss. Skyssreglementet seier at grensa går ved fire kilometer, seier Øy Driveklepp.

Ho ber om at eleven leverer tilbake skysskortet til ungdomsskulen innan 1. februar.

Ein annan elev bur 46 meter (!) for nær skulen til at han får skuleskyss.

Opplæringslova gjev rett til skyss for 1.-klassingar som har to kilometer eller meir å gå frå heimen sin til skulen. For elevar frå 2.–10. trinn må det vere fire kilometer eller meir for å få rett til gratis skuleskyss. Elevar som fell inn under denne retten får tildelt skyss ut frå bustadadresse, og treng ikkje søke om skyss.

– Dersom ein er usikker på kva som er avstanden til skulen kan ein nytte avstandsutreknaren til Møre og Romsdal fylkeskommune, heiter det i kommunen si orientering om skuleskyssen.

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss har rett til dette uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.

Opplæringslova sin §7-1 seier vidare at «elevar som har særleg vanskeleg eller farleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.» I slike tilfelle må kommunen vurdere om skulevegen er så farleg eller vanskeleg at eleven bør ha gratis skyss.

* * *

Saka er ikkje avgjord. Fylkeskommunen skal kontrollrekne avstandane før det vert teke ei endeleg avgjerd.

Leiar: Kirsti Øy Driveklepp er skulesjef i Ørsta. Foto: Marius Myklebust