– Men det er berre namnet og logoane som blir nye. Det er dei same folka på stasjonen og den same servicen, seier Camilla Knutsen Leira, dagleg leiar ved Circle K Ørsta.

Statoil-skilta blir fjerna denne veka, og til fredag er det berre Circle K-logoen som skal pryde stasjonane i Ørsta og Volda.

Namneskiftet er ein konsekvens av at Statoil-stasjonane i Nord-Europa vart kjøpt av kanadiske Couche-Tard i 2012. Då var eitt av vilkåra at Statoil-namnet ikkje skulle brukast vidare.

Couche-Tard er eit stort kiosk- og daglegvare-konsern med hovudkvarter utanfor Montreal i Kanada. Circle K er ei av dei største merkevarene til Couche-Tard, og er allereie representert over store delar av USA og Kanada, i tillegg til franchisar i Asia og Latin-Amerika. Alle Couche-Tard-eigde stasjonar i Europa skal gå under varemerket Circle K.

– Det har jo vore litt diskusjon om korleis vi skal uttale namnet, men det rettaste er vel «Sørkel kej», men «sirkel kå» må også vere lov å seie, seier Leira og flirer.

Ho har drive stasjonen i Ørsta i to år, og fortel om ein god auke i omsetninga. Hausten 2015 vart han pussa opp innvending, med nye sitteplassar og nye kaffimaskinar.

– Det er jo ein del som spør om ting blir forandra med det nye namnet. Det blir det ikkje. Kaffiavtalen blir som før, det blir også kundetilboda og drivstoffet. Kjeda seier at Circle K skal ha «rask og vennleg service», men det føler eg at vi har allereie, seier Leira.

Det er ikkje første gong stasjonen skiftar namn. I starten var det BP (British Petroleum) som eigde han, så gjekk dei over til Norol frå 1976 til 1991, då Statoil-namnet kom.

– Så vi har vore gjennom dette før, og det er ikkje noko nytt med engelskklingande namn på stasjonen.

1. februar blir det arrangert opningsfest for Circle K-stasjonane i Ørsta og Volda. I mai skal alle Statoil-stasjonane i Noreg ha skifta namn til Circle K.

Ny logo: Yvonne Brautaset Osvoll og Camilla Knutsen Leira. Foto: Marius Myklebust