– Eg skal ha ein prat med både leiinga i Molde og Volda for å høyre kva dei kan bidra med i eventuelle nye studietilbod i Kristiansund. Akkurat no er det heilt ope kva det kan vere. Vi skal komme i gang med arbeidet, så får vi sjå kva moglegheitsrom som finst, seier Guttelvik til nettstaden til Høgskulen i Volda.

Fylkestinget har vedteke å bruke fire millionar kroner over fire år for å greie ut saka om høgskulesenteret i Kristiansund. Målet er å finne ut om det er mogleg å få på plass nye studietilbod i nordmørsbyen, og eventuelt kva desse skal vere. Det var dette Guttelvik var i Volda for å følgje opp fredag i førre veke.

To utdanningar i dag

Høgskolesenteret i Kristiansund tilbyr i dag to bachelorgrader, i sjukepleie og petroleumslogistikk, som begge er leverte av Høgskolen i Molde. Høgskulen i Volda tilbaud utdanningar i Kristiansund fram til for om lag 10 år sidan.

– Det stoppa litt opp på grunn av dårleg økonomi og fråfall blant studentane. Det vart eit litt magert utkome for oss, seier Roppen til nettstaden.

Ein eigen høgskule i Kristiansund blir omtala som lite aktuell. Det mest sannsynlege er at campusen i Kristiansund framleis blir ein del av ein eller fleire av dei andre høgskulane i fylket.

Ropte varsku

Rektor Roppen har ropt varsku når det gjeld ei utviding i Kristiansund. I ein kronikk som stod i avisene før jul, skreiv han dette:

«Høgskulane i Molde og Volda har i mange år hatt for dårleg statleg finansiering og treng all mogleg hjelp og støtte frå politikarane i fylket for å halde på si stilling og å utvikle seg vidare. Det er kamp om knappe ressursar både i fylket og nasjonalt. Om det blir foreslått å bygge opp aktivitet i Kristiansund på ein måte som går ut over dei etablerte studiestadene er det svært problematisk.»

Han har også vore skeptisk til samarbeidsmodellane mellom høgskulane.

«For fleire år sidan dreiv Høgskulen i Volda undervisning ved Høgskolesenteret i Kristiansund og sende då lærarar til Kristiansund for å gjennomføre undervisning i lærarutdanningar. Røynslene både frå Kristiansund og andre stader var at det var vanskeleg å drive undervisning og å utvikle eit studiemiljø når det ikkje var jamn, dagleg aktivitet på staden», skreiv Roppen i kronikken.

Pipa har fått ein litt anna lyd etter besøket til fylkesrådmannen fredag.

– Ei eventuell utviding i Kristiansund har vorte litt meir konkret no enn det har vore tidlegare. Vi er lydhøyre overfor både Stortinget og Fylkestinget, og vil vere med vidare i utgreiinga, seier Roppen til hivolda.no

Må undersøke behovet

Han meiner det er viktig å undersøke kva potensielle studentar på Nordmøre er interesserte i å studere og kva arbeidslivet i regionen har behov for. Det er i dag færre på Nordmøre som har høgare utdanning enn det er i resten av fylket.

Dagens høgskulesenter i Kristiansund er eigd av mellom andre fylkeskommunen, Høgskolen i Molde, NTNU og Høgskulen i Volda.

I dag, tysdag, har Kunnskapsdepartementet kalla inn til eit møte om høgskuleutdanning i Kristiansund. Her skal Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU delta.

Skeptisk: Rektor Johann Roppen har uttykt skepsis til ei utviding av studietilbodet i Kristiansund. Han meiner det kan gå utover dei andre høgskulane i fylket.