Likevel, den store majoriteten trur dei vil kome til å få eit godt og lykkeleg liv.

66 prosent av dei som har svart, seier at dei trur på eit lukkeleg og godt liv. Det er to prosentpoeng færre enn i 2013.

28 prosent av dei unge trur i 2016-granskinga at dei kjem til å ta utdanning på universitet eller høgskule. I 2013 var dette talet 25 prosent.

Det er ein del fleire som fryktar å verte arbeidsledige. I 2013 var det berre fem prosent som svara at dei trudde at dei nokon gong ville verte arbeidsledig. I 2016-granskinga svarar 13 prosent at dei fryktar å verte arbeidsledig.

Det kan også verke som om dei unge brukar meir tid på lekser og anna skulearbeid utanfor skuletida i 2016 enn i 2013. Medan 58 prosent i 2013 svara at dei brukte under tretti minutt på lekser, var det i 2016 51 prosent som svara ja til dette. På den andre sida svara 17 prosent at dei brukte ein til to timar på lekser, medan fem prosent svara ja på dette tre år tidlegare.