Det er ordlyden i sakspapira til Ørsta formannskap. Torsdag skal dei gjere vedtak om reguleringsplan for etablering av fleirbrukshall på utstillingsplassen. Saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret 26. januar.

Merknader

I samband med høyringsrunden for ny reguleringsplan for området, har det kome inn fleire merknader, men ingen som har utløyst behov for å gjere vesentlege endringar i planen, med unntak av ein merknad frå Ørsta Idrettslag. I planane var det regulert inn ein gjennomgåande gang- og sykkelveg mellom fleirbrukshallen og stadion, med ei breidde på 5,5 meter.

– Ørsta IL ønskjer ikkje offentleg gang- og sykkelveg mellom fleirbrukshallen og stadion. Idrettsrådet støttar dette fullt ut. Ein slik veg må heller gå på nordaustre side av hallen, i tilknyting til eksisterande gangveg ved ungdomsskulen. Arealet mellom hallen og stadion må verte eit skjerma område for idrettsaktivitet. Det er uheldig med offentleg veg nær garderobedørene der born og unge oppheld seg. På ettermiddag og kveld vert her mange utøvarar som skal til og frå garderobe og stadion/kunstgras/fotballhall. Dør inn til hallen må dermed truleg vere open til langt på kveld. Offentleg gang- og sykkelveg her vil også gjere billettering under arrangement ekstra utfordrande, står det i merknaden.

Etter ønske frå idrettslaget er den offentlege gang- og sykkelvegen teke vekk, under tvil, står det i sakspapira. Rådmannen meiner at ein offentleg veg her vil ha klare fordelar med omsyn som til dømes å motverke uønskt åtferd og hærverk i området, då offentleg tilgjenge sikrar at det vil vere eit tilsyn i området av andre brukarar.

– Videoovervaking kan også verte vurdert.

Også argumentet om tryggleik for barn og unge, og planar om å nytte vegen som treningsfelt og til oppvarming vert lagt vekt på. Ei ulempe ved å stenge vegen er at naturlege ferdselsårar langs ein av dei to viktige aksane frå sentrum mot Mosflata og turområde vert broten. Både turgåarar og brukarar av hallen som kjem frå aust vil måtte verte viste til ein vesentleg omveg rundt bygget.

–Til trass for dette, finn rådmannen, under tvil, å måtte legge størt vekt på den tydelege viljen til idrettslaget, at denne vegen skal vere ein del av idrettsområdet, og ikkje opnast for offentleg funksjon.

Sambruk

I saka er det gjort greie for to ulike alternativ for val av reguleringsplan. Løysinga rådmannen går for legg til rette for sambruk av areal til parkering med andre funksjonar i området, slik som ein mogleg ny vidaregåande skule.

– Planen er også utforma slik at han er tilpassa Utviklings-planen for Ørsta sentrum sine føringar når det gjeld lokalisering, men også slik at han fangar opp enden av «Idretts- og utdanningsbandet». Dette er omtala som eitt av tre viktige samband og identitetar som skal binde Ørsta saman.

Ny avdeling

Andre merknader som har kome inn gjeld mellom anna erstatning av dei 24 barnehageplassane i Barnas Vel som må vike, då planen inneber ei riving av avdelinga Klatremus som held til i stadionområdet. Her vil kommunen utarbeide planar for tilbygg på 1 avd. til hovudbygget i Anders Hovdengt. 7. Her er det lagt ein million kroner i økonomiplanen for 2018 for planlegging og oppstart av ny avdeling.

Reguleringsplanen løyser også ut behov for arkeologiske utgravingar, estimert til å koste ein halv million kroner, men rådmannen meiner at løysinga, som mellom anna inneber fleire parkeringsplassar, veg opp for prisen på utgravingane.

Byggjesteg 2: Fleirbrukshallen med symjehall (t.v.). Symjehallen er byggjesteg 2. Illustrasjon: Asplan Viak Foto: asplan viak