– Omlegginga har hatt ein positiv effekt, og no er nattfasten kortare for bebuarane og appetitten for mange betra. Avdelingsleiarane har i samband med omlegginga av tidspunkta for måltid teke ansvar, og kjøkkenpersonalet er fleksible og løysingsorienterte, seier ein nøgd kjøkkensjef Arne Kåre Engeseth på Ørstaheimen.

Initiativ

Etter initiativ frå sjukeheimslege Linda Gramshaug Fonseca la Ørstaheimen før sommaren i fjor om rutinane for servering av måltid. Tidlegare starta frukosten tidleg før brukarane fekk middag klokka 12.30. Kveldsmaten vart servert klokka 18.00, Tidspunktet for frukost i åtte-nitida er ikkje endra, men no vert det servert varm lunsj klokka 12.30. Og middagen kjem på bordet klokka 15.30. Kveldsmaten er flytta til klokka 19. Lunsjen har også erstatta kaffimaten. Sjølv om siste måltid er klokka 19, treng ingen å svelte, for alle som ønskjer det får mat før dei legg seg.

Bakgrunnen for omlegginga, som er gjort mange stader rundt om på institusjonar i landet, og som statsminister Erna hyllar, var at mange av sjukeheimsbebuarane på institusjonar går ned i vekt, og at det kan vere vanskeleg å få i eldre nok næring. For mange av bebuarane på Ørstaheimen vart det for lang tid frå kveldsmat til frukost. Bebuarane der er som folk flest, og har ulike rutinar og vanar: Nokre står opp tidleg, andre seinare. Og for dei som står opp sist kunne det gå relativt kort tid mellom frukost og middag. Når dei to måltida kom tett, rakk ein kanskje ikkje å verte svolten til middagen.

Etter at det no er større avstand mellom måltida er effekten altså positiv.

– Vi har ikkje hatt systematiske studiar rundt effekten av omlegginga, men nokre pasientar har gått opp i vekt. Dette er i tråd med resultat frå forsking, fortel sjukeheimslege Linda Gramshaug Fonseca.

Ho kan vise til bebuarar som heime ikkje har ete tilfredsstillande har endra dette mønsteret etter at dei kom på Ørstaheimen.

– Med auka appetitt fungerer folk betre, også mentalt, seier Gramshaug Fonseca. Ho fortel at ernæring framleis er ei problemstilling på Ørstaheimen, og at nokre bebuarar går meir ned i vekt enn ønskjeleg. Ho meiner det optimalt hadde vore endå betre med endå seinare tidspunkt for kveldsmaten.

Gevinstane av omlegginga er fleire: Ettermiddagane for bebuarane kan no opplevast som meir innhaldsrike, og for nokre har det vorte meir tid til aktivitetar på dagen. Dei tilsette fortel også om meir ro på avdelingane.

Sterk fokus

Kjøkkenet på Ørstaheimen, som er kjent for velsmakande heimelaga mat, har sterk fokus på ernæring og spesialdiettar tilpassa kvar enkelt bebuar – og at bebuarane skal få i seg sunn og god mat, som også kan innehalde rikeleg med feitt. For viss nokon har behov, vert det gjerne slått ein ekstra fløyteskvett i maten. Og dersom nokon ein dag skulle ha dårleg appetitt, og et lite til måltida, er dei tilsette medvitne dette.

– Då supplerer vi seinare med å gi bebuarane næringsrike tilleggsmåltid, seier einingsleiar på Solkroken, Ingrid Mork.

Oppskoren frukt og smoothie som mellommåltid er vanleg på heimen.

Sjølv om matomlegginga har hatt positiv effekt, finst det utfordringar knytt til dei nye rutinane. Fo no er det kveldsvakta som serverer middagen, og dei har lågare bemanning enn på dagtid.

Komen for å bli

Bebuarar, stort sett, pårørande og tilsette har teke godt imot omlegginga som er komen for å bli, og som også gjeld alle dei 120 personane som får tilkøyrt mat til heimane sine frå Ørstaheimen. Det vert heile tida jobba for å finne rutinar som gir best mogleg flyt på huset.

– Fleire kommunar som har lagt om tidspunkta for måltida har gått tilbake til det gamle. Men det gjer ikkje vi. God og heimelaga varm mat er svært viktig. Dette er ein del av miljøet som bebuarane skal kjenne att heimanfrå når dei flyttar på institusjon. Heilt klart: God mat gir gode dagar! Slår kjøkkensjef Arne Kåre Engeseth fast.

mat: Bebuarane Bjørn Roth og John Welle snakkar varmt om at dei får måltida meir spreidd utover dagen. Her har dei fått varme karbonadar av Eva Bornstein (t.v.) og Dagrun Opsal. Foto: Roy-Arne Folkestad