Eit fleirtal av H, Frp, KrF og Senterpartiet slo fast at det skal vere ei pelsdyrnæring i Noreg. Samstundes skjerpa partia krava til dyrevelferd i pelsdyrhaldet.

– Eg er veldig tilfreds med at vi fekk fleirtal på Stortinget med å sikre pelsdyrnæringa ei framtid i Noreg. No har vi sikra grunnlaget for mange år framover. Vi vil få ei pelsdyrnæring i Noreg med mykje betre dyrevelferd enn i mange andre land, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale til Møre-Nytt.

Norangdal

Han insisterer på at vedtaket i Stortinget også vil gje pelsdyroppdrettarane gode mulegheiter til å ha ei god inntekt på oppdrettet.

Ikkje minst i Norangdal har det vore knytt spenning til Stortinget si handsaming av pelsdyrmeldinga. Der var reaksjonane delte etter at landbruks- og matminister Jon Georg Dale presenterte pelsdyrmeldinga før jul. På den eine sida var oppdrettarane tilfredse med at meldinga sa at næringa ikkje skal avviklast, på den andre sida vart det reagert negativt på at det ikkje skulle vere lov å ha grupper av mink i bur.

Føresegner

Dale lovar at næringa ganske raskt vil få føresegner dei veit å måtte halde seg til.

– Vi vil konkretisere meir når vi startar innfasinga av dei grepa Stortinget no har slutta seg til. Allereie til våren vil vi signalisere meir konkret korleis framtida vert. Då forventar eg at næringa tilpassar seg det regelvert. Det er viktig for meg å få gjort dette så raskt som mogleg for å gje næringa føreseielegheit, seier Dale.

Føreseielegheit er også eit stikkord for Dale når han ber dei partia som no kom i mindretal i Stortinget om å akseptere vedtaket.

– Eg håper no at dei andre parti som gjekk inn for avvikling no erkjenner at det er eit fleirtal i mot dette. Eg ynskjer ingen ny diskusjon, men at vi no let pelsdyrnæringa få fred og ro til å drive produksjonen i tråd med dei retningslinene som Stortinget har vedteke – utan at dei stadig skal verte utfordra på at dei heller burde ha vore nedlagde som næring, insisterer Dale.