Det er Jon Erik Svendsen og Anne Sara Svendsen som eig denne eigedomen. Eigarane har kome med eit innspel til den nye områdeplanen for Ørsta sentrum der Svendssen gjer det klart at det er eit ønske om at Vikeegata 1 framleis skal kunne nyttast til utbygging og forretningsføremål.

Regulert

– Vikegata 1 har vore regulert til forretningsføremål, og vart brukt slik så lenge far vår dreiv forretning der. Då kiosken måtte rivast grunna skade, og vi etter kvart søkte om å få setje opp eit nytt bygg på tomta, sette Ørsta kommune foten ned for dette på feil grunnlag. Sidan har tomta stått der, og har vore brukt som offentleg parkeringsplass. Vi meiner Ørsta kommune har handsama oss på ein urimeleg måte i denne saka, seier Svendsen i brevet.

Utviklingsplanen skisserer ulike alternativ når det gjeld denne eigedomen.

– For oss er det viktig at tomta framleis skal kunne nyttast til utbygging/forretningsføremål. Dette er også i tråd med skildringa til framlegg til utviklingsplan, der det vert vist til at det urbane bandet (Vikegata) skal nyttast til handel- og forretningsføremål, og ein vil fortette med å bygge ut ledige tomter langs gata. Planen viser også at det skal settast opp nye bygg i parkbandet langs Vikeelva, i tillegg til at dette er grøntområde, seier Svendsen.

Usamd

Eigarane av Vikegata 1 gjer det klart at han er sterkt usamd i det dersom den nye reguleringsplanen vert forma ut slik at eigarane vert utan moglegheit til utbygging.

– Vi ber om at det vert teke høgde for dette i ny plan, seier Jon Erik Svendsen og Anne Sara Svendsen.

Dei synest det er mykje godt i framlegget til utviklingsplan.

– Ørsta kan få eit løft dersom sentrum vert utvikla i ei slik retning, meiner Svendsen.