Det var planlagt at landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) og stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen skulle møtest i ein jordbrukspolitisk toppduell i Aasen-tunet komande laurdag. No er duellen utsett på ubestemt tid.

- Eg veit ikkje heilt kvifor, men har fått beskjed om at møtet laurdag likevel ikkje let seg gjere, seier leiar Ola Perry Saure i Ørsta Sp. Ørsta Sp var bedne om å vere teknisk arrangør.

- Vi håper likevel at vi får i stand duellen seinare på året, insisterer Saure.