– Hamneregulativet og vederlag for bruk av kai og fasilitetar i Volda Hamn (Vikeneskaia og Allmenningskaia) har berre vore regulert ein gong sidan dagens betalingssatsar og retningsliner vart godkjede av kommunestyret i 2006. Dette var i 2011. Vederlaga som i dag er gjeldande i Volda Hamn er lågare enn tilsvarande hamner i distriktet, og straumavgifta er ikkje i samsvar med den reelle kostnaden kommunen har på forbruk av straum, skriv rådmannen i Volda i ei sak til Volda formannskap.

Han foreslår difor å oppjustere satsane. Kommunen ønskjer også å få etablert ei registreringsordning slik at innkomne skip og båtar kan registrere seg sjølve ved innkomst.

Rådmannen gir eit priseksempel for ein båt på 56 meter og 787 bruttotonn i fem liggedøgn. Med dagens satsar vil prisen vere på 2.807 kroner. Med nye satsar 5.847 kroner. Det er også forslag om eit straffegebyr på 15.000 kroner for yrkesfartøy for å sikre at innkomne båtar registrerer seg.