14. januar går avdelingane i Ørsta Røde Kors saman om å lage ein open dag for born. Også i år vert det på Ytrestøylen. Arrangøren legg tradisjon tru opp til ein aktiv dag på Ytrestøylen med fokus på å vere saman i friluft, leik, dyr, riding og grilling. Zip-line har vore ein svært populær aktivitet dei siste åra, og lina kjem også opp i år.

– Arrangementet har fått mykje positive tilbakemeldingar, og vi vonar at mange vil legge turen innom også i år. Vi likar oss godt på Ytrestøylen, og held fram etter same malen som tidlegare. I tillegg til dyr og mat er det viktig å vere ute i friluft og kose seg. Gjensidigefondet støttar arrangementet og difor er alt gratis for dei som tek del, heiter det frå arrangøren.

I tillegg til varierte friluftsaktivitetar vert det bålgrilling av pølser, sveler, kaker, kaffi og saft.

– Vi er på Nordvestlandet og då kan vi ikkje styre vêret, men vi set inn ressursar for at dette skal bli eit godt arrangement uansett vêr.