Dårlege tunnelar: – Rv. 15 er i så dårleg forfatning at han har stor avvisingseffekt for godstransport, meiner Jørgen Amdam. Både tunnelane og rasfaren ute i dagen er problematisk, meiner han.

Dårlege tunnelar: – Rv. 15 er i så dårleg forfatning at han har stor avvisingseffekt for godstransport, meiner Jørgen Amdam. Både tunnelane og rasfaren ute i dagen er problematisk, meiner han.

Ordførar Jørgen Amdam:

Ønskjer rv. 15 og 52

Ordføraren i Volda stiller seg bak kravet om Hemsedalsfjellet som hovudveg mellom aust og vest, men ønskjer også nye tunnelar på Strynefjellet.

– Volda kommune støttar heilt og fullt opp om Statens vegvesen si tilråding der de legg til grunn rv. 52 Hemsedalsfjellet som hovudveg aust-vest, i tillegg til E134 Haukelifjell, skriv ordførar Jørgen Amdam i brevet til Statens vegvesen.

Det er allereie avgjort at E134 skal vere den sørlege stamvegen mellom aust og vest. No står kampen om den nordlege stamvegen mellom rv. 7 over Hardangervidda og rv. 52 over Hemsedalsfjellet. Interesser i Bergens-området ønskjer Hardangervidda, medan Sogn og Fjordane, Sunnmøre og delar av Hordaland ønskjer Hemsedalsfjellet.

Vegvesenet tilrår rv. 52

Statens vegvesen har landa på rv. 52 som det beste alternativet, men har sendt saka ut på høyring før regjeringa kjem med si innstilling i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan (NTP) til våren.

Amdam meiner hemsedalsvegen er viktig, fordi han vil gi redusert reisetid og transportkostnader for både nærings- og persontransport, og fordi han vil gi betre vinterregularitet mellom Søre Sunnmøre og Austlandet.

Strynefjellet

Amdam meiner likevel at det i tillegg er naudsynt med opprusting av rv. 15 over Strynefjellet.

– Rv. 15 er i så dårleg forfatning at han har stor avvisingseffekt for godstransport. Både dårlege tunnelar og rasfare elles på vegen medverkar til dette. Vi ber om at ny tunnel på Strynefjellsvegen blir bygd. Den nye tunnelen må eliminere problema med dagens tunnelar og dei rasutsette strekningane som ligg i dagen. Tiltaket vil avlaste E136 (gjennom Romsdalen, journ.merk.), i tillegg til å syte for betre utnytting av potensialet til Kvivsvegen og Eiksundsambandet.

Geiranger

Ordføraren ber også om at ei opprusting av Strynefjellsvegen inkluderer ei tunnelarm til Opplendskedal ved Geiranger.

– Tiltaket vil utløyse heilårsturisme i Geiranger-området og føre til auka omsetning for reiselivsbransjen i heile Sør-Noreg.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Signerte hallavtale til verdi av 9 millionar kroner

– Ein stor dag for Volda og regionen

Er beredskapen god nok?

Frida Gilberg etterlyser svar om beredskapen i fjella.

BokkeReidars feirar 35 år med konsert på Chat Noir

Stjernespekka fest for sunnmørsbluesen

Ørsta vidaregåande på studietur til Spania

I tre veker i vår var 31 elevar ved Ørsta vidaregåande skule på studietur til Costa Blanca i Spania. Her er forteljinga deira.

Registrert revisor Per Lystad har utvikla analyse-verktøy

Enklare å vere revisor

– Gi seksåringane førskulen tilbake

– Konklusjonen ut frå det vi veit etter 20 år, er at Reform 97 ikkje har hatt nokon konsekvensar i det heile for barns læring.