ønskjer rundkøyring: Det er allereie regulert inn ei rundkøyring i flyplasskrysset i Hovdebygda. Statens vegvesen meiner dette er den beste løysingar, og at ei planfri løysing vil mangedoble kostnaden. arkivfoto
            (Foto: Marius Myklebust)

ønskjer rundkøyring: Det er allereie regulert inn ei rundkøyring i flyplasskrysset i Hovdebygda. Statens vegvesen meiner dette er den beste løysingar, og at ei planfri løysing vil mangedoble kostnaden. arkivfotoFoto: Marius Myklebust

Søkjer om å få bygge rundkøyring i Hovden

Statens vegvesen søkjer no om unntak frå reglane for å få bygge rundkøyring i flyplasskrysset.

– Løysinga med rundkøyring på E39 er eit resultat av eit tett samarbeid mellom Statens vegvesen og Ørsta kommune. Det var og fleire rundar med vurdering av alternativ i samband med offentleg ettersyn, og det vart gjort svært grundig arbeid med å søke etter alternative løysingar.

Skepsis til rundkøyringar

Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet ønskjer i utgangspunktet ikkje rundkøyringar på europavegar og riksvegar. Dei krev difor fråvikssøknad før slike kan bli bygde.

Reguleringsplanen for rundkøyringa i Hovdebygda var fullført allereie i 2011. Krysset har lenge vore eit av dei mest trafikkerte i Ørsta/Volda. Krysset er viktig både for næringsdrifta i Hovden, i tillegg til at over 100.000 brukarar av flyplassen brukar krysset kvart år.

Bompengar

Bygging av krysset har vorte aktualisert som følgje av samferdselspakken og ein mogleg bomring i Ørsta og Volda. Inntektene frå samferdselspakken skal gå til å finansiere Voldatunnelen og fleire andre samferdselsprosjekt i Ørsta og Volda.

Alternativa til rundkøyring er først og fremst eit planfritt kryss med av- og påkøyringsrampar.

– På grunn av Hovdebakken ville rampane vorte svært lange. På grunn av høgderestriksjonskrava (tilknyting til flyplassen, journ.merk), vil ei toplansløysing føresette at Mos-Ola-elva, som renn ut i flyplassområdet, blir seinka over ei lang strekning. I tillegg ville det vore naudsynt å rive og flytte undergangen i Hovdebakken. Totalt vil dette mangedoble kostnadane samanlikna med ei rundkøyring, skriv strategiseksjonen i Statens vegvesen i søknaden.

Dei viser også til at vegen truleg ikkje vil vere E39 i framtida.


Både bygging av Hafast og bygging av Ørstafjordkryssinga vil medføre at E39 blir flytta vekk frå flyplasskrysset. Dermed vil truleg rundkøyringa vere del av E39 på mellombels basis.

Dersom Vegdirektoratet ikkje gir dispensasjon til å bygge rundkøyring, må det lagast ein heilt ny reguleringsplan med ei alternativ løysing.



Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Eit toplanskryss vil mangedoble kostnaden

Dette vert lest no:

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.

Høgtideleg seremoni

Prots fekk St. Olav

Kordirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre fekk overrekt St. Olavs orden laurdag.