Magne Aasbrenn

Magne Aasbrenn

Mållaget:

Jublar for turistreklame på nynorsk

– Vi i Noregs Mållag er sjølvsagt svært glade for at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre no går over til å bruke nynorsk som samlande marknadsføringsspråk andsynes turistane, seier leiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

– Eg håpar det vil styrke reiselivet i området at eigenarten desse stadene har, også viser seg i språket i brosjyrar og på nett.

Fram til 2009 brukte Destinasjon Ålesund og Sunnmøre både bokmål og nynorsk. Frå 2010 gjekk dei over til bokmål, men i fjor vedtok årsmøtet i reiseselskapet med overveldande fleirtal berre å bruke nynorsk. Aasbrenn og Mållaget set pris på argumentasjonen til styreleiar Bjarne Rekkedal, som seier at når ein er stolt av lokal mat, bør ein også vere stolt av lokalt språk.

Det var Ørsta kommune og Nynorsk kultursentrum som tok initiativet til endringa i 2015.

– Mållaget håpar at argumenta frå Ålesund og Sunnmøre også når fram til Telemark, der det for tida er debatt om marknadsføringsspråket for Rauland i Vinje, seier Magne Aasbrenn. Der bør også bruk av nynorsk i marknadsføringa auke appellen for tilreisande, og då særleg året før 2018, som jo er året då Vinje kommune og heile Telemark skal feire Aasmund Olavsson Vinjes 200-årsdag.

No skal Sunnmøre seljast på nynorsk

Skal selje Sunnmøre på nynorsk

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Kommunen opprettar næringsfond

Om overskotet til kommunen blir stort nok dei komande åra, skal overskotet settast på eit næringsfond. Ordføraren har stor tru på tiltaket.

Usemje om avkøyring til Kiwi

Eigarane av Kiwi på Heltne ønskjer framleis direkte tilkomst frå Vikebygdvegen når Voldatunnelen kjem. Vegvesenet seier kontant nei.

60 nye politifolk til Møre og Romsdal

Ventar styrking på Søre

Møre og Romsdal får 60 nye politifolk i år. Nokre av dei vil kome til Søre Sunnmøre, trur lensmann Guttorm Hagen.

Bilforsikring med eigen app

Sparebank 1 Søre Sunnmøre lanserer smart bilforsikring, som skal motivere til og belønne tryggare køyring.

Til semifinalen i Norske Talenter

Bendik Hustadnes frå Volda gjekk fredag til semifinalen i Norske talenter etter ei imponerande trommeoppvising.

Vik Ørsta:

Satsar stort på trafikksikring

Ny produksjonslinje for lysmaster vil doble produksjonen

Mørenett-flyttinga:

Skal spare 4,8 mill. i året på samlokalisering

Rapport fortel at ulempa for dei tilsette vil vere størst ved å velje Dragsund.