Det vert neppe noko flyrute til Trondheim frå Ørsta og Volda lufthamn utan statsstøtte.

Lufthamnsjef Sverre Bae fortel at signala frå kommersielle aktørar er at det ikkje vil vere lønsamt å ha fly til Trondheim utan at staten medverkar med kjøp av flysete.

– Dermed er dette eit politisk spørsmål, seier Bae. Han opplever ofte førespurnader om det kan kome eit tilbod om flyrute også nordover.