Til no har det vore ein snøfattig vinter, men laurdag var det endeleg grunnlag for å opne delar av Ørsta skisenter på Bondalseidet.

Det var barnetrekket og t-trekket til mast 7 som var ope.

På Facebook melder skisenteret om godt besøk både i traseane og i langrenssporet.

Dei nye installasjonane (daiperboxar) i barnetrekket var populære både for dei minste og dei litt eldre.

Også Volda skisenter hadde sesongopning i førre veke. Her er det familietrekket som er ope. Det er ikkje nok snø til å opne det store trekket.