Rundt 25.000 lag og foreiningar i heile Noreg får utbetalt grasrotmidlar for 2016 i byrjinga av januar. Til saman vert det betalt ut 448 millionar kroner. Ifølgje Norsk Tipping har Grasrotandelen auka jamt og trutt sidan ordninga vart innført i 1. mars 2009, med unntak av 2013. I 2016 passerte Norsk Tipping ein million givarar. Dei som nyttar seg av Norsk Tipping sine tenester registrerer ein grasrotmottakar, og fem prosent av innsatsen går til spelaren sin mottakar.

814.237 kroner i Ørsta kommune

I 2015 fekk 81 lag og organisasjonar i Ørsta kommune 713.081 kroner i grasrotmidlar. I 2016 har summen stige med over 100.000 kroner til 814.237 kroner. Ørsta Røde Kors er dei som fekk mest grasrotmidlar i kommunen i 2016 med 127.334 kroner. Vartdal Turn og Idrettslag fekk tildelt 99.404 kroner, Hovdebygda Idrettslag fekk 92.442 kroner, Ørsta IL 81.156 kroner, Sæbø Idrettslag 68.810 kroner, Volda og Ørsta Ballettskule 44.260 kroner, Åmdal Idrettslag 32.939 kroner, Vartdalsstranda generasjonskorps 26.222 kroner, NRF Møre og Romsdal Fylkeslag 15.891 kroner og Eitrefjell Telemarkklubb fekk tildelt 15.345 kroner.

441.103 kroner i Volda kommune

I Volda kommune var totalsummen 441.103 kroner fordelt på 80 grasrotmottakarar i 2015. I 2016 har totalsummen auka til 454.875 kroner. Volda Turn og Idrettslag fekk mest grasrotmidlar i Volda med 99.838 kroner. Vestsida Idrettslag fekk tildelt 34.704 kroner, Volda handballklubb 31.405 kroner, Volda Røde Kors 27.736 kroner, Volda golfklubb 19.444 kroner, Volda skulekorps 19.122 kroner, Mork Idrettslag 17.822 kroner, Folkestad Idrettslag 16.393 kroner, Lauvstad skulekorps 13.035 kroner og Volda sanitetslag 11.436 kroner.

Ifølgje Norsk Tipping var det neste to millionar menneske som spelte gjennom selskapet i 2016, men at det er rundt ein million spelarar som ikkje har registrert ein grasrotmottakar. Tildeling av grasrotmidlar kan og auke for lag og organisasjonar om regjeringa sitt forslag om auke tildelingsprosenten frå fem til sju prosent vert vedteke.