– Salet auka med fire prosent. Vi hadde håpa på litt meir, seier senterleiar Peder Lid.

Det største kjøpesenteret på Søre Sunnmøre, Amfi Ørsta, selde i 2016 varer for nær 387 millionar kroner mot 372 millionar året før. Senterleiar Lid hadde von om ein prosent betre sal, men er likevel rimeleg nøgd med salsutviklinga som i prosent er betre enn senteret på Moa som auka salet med 2,4 prosent i 2016.

Ulvetider

– I desse ulvetider med auka arbeidsløyse også på våre kantar skal vi vere glade for å auke. Det er ikkje alle kjøpesenter som kan vise til det, seier Peder Lid.

Han konstaterer at Amfi Ørsta, som har 36 butikkar inkludert vinmonopol og apotek, held posisjonen sin i konkurranse med andre handelsstadar. Heller ikkje etableringa av Amfi-senteret på Nordfjordeid, tidlegare Moengården, no Amfi Nordfjord, ser ut til å trekkje færre nordfjordingar til Ørsta på handel.

– Nei, vi har ikkje merka endringar etter at Amfi opna på Eid, og dei har nok ikkje stole særleg med kundar frå oss, seier Lid som trur dette har noko med butikkutvalet å gjere.

Nokre av butikkane på Amfi i Ørsta hadde i fjor bra auke, medan andre hadde nedgang.

Peder Lid trur ikkje toppen er nådd for handelen på Amfi.

– Nei, eg trur på vekst, men ikkje så bratt som før. Dersom senteret vert utvida, kjem vi heilt sikkert til å få ein auke, spår senterleiaren som konstaterer at det er stor interesse for å etablere seg på Amfi i Ørsta sentrum. Også fleire av dei eksisterande butikkane ønskjer seg større areal.

Før jul vart det inngått ein intensjonsavtale mellom Ørsta kommune og Amfi om sal av ei kommunal tomt slik at kjøpesenteret kan utvide. Den kommunale eigedomen ligg nord for dagens Amfi, i retning Webjørn Svendsen gata og Vikegata. Føremålet med avtalen er å legge til rette for vidare utvikling av kjøpesenteret og Ørsta sentrum.

Utbygginga av området skal vere i samsvar med den nye reguleringsplanen, som det no er varsla oppstart av. Ei utfordring i reguleringsarbeidet vert å finne gode løysingar for offentleg parkering. I samband med signeringa av avtalen vart det halde samtalar med andre investorar i sentrumsområdet, der moglegheitene for samarbeid og felles løysingar vart drøfta.

Optimist: – Toppen er ikkje nådd for Amfi, spår senterleiar Peder Lid. Foto: Janne-Marit Myklebust