Det seier Sverre Bae, lufthamnsjef ved Ørsta – Volda lufthamn, Hovden.

Dei førebelse tala for 2016 viser at 101.618 passasjerar reiste til og frå flyplassen. Dette er ein nedgang på ni prosent frå 2015, men likevel langt betre enn frykta.

Bakgrunnen er at Samferdselsdepartementet i 2015 bestemte at Oslo-ruta frå Hovden skulle kommersialiserast frå 1. 1. april 2016. Det vart frykta både lågare frekvens og dyrare prisar.

– Begge delar slo til. Vi miste ein dagleg avgang til og frå Oslo, og maksprisane gjekk vesentleg opp utan statsstøtte. I tillegg fekk vi situasjonen i den delen av næringslivet som er knytt til offshore-bransjen, noko som medførte færre tingingar av flyreiser, fortel Bae.

Likevel, trass i at det vart nedgang, synest Bae at tala er gode.

– Med tanke på at vi miste 78 sete til og frå kvar dag, er ikkje nedgangen stor, og no opplever vi at rutetilbodet vert betra igjen. Vi ser at Widerøe gjenninnfører fredagsavgangen frå Oslo med landing på Hovden kl. 23.15, og det kjem ein ny laurdagsavgang til Oslo kl. 09.15 laurdagar og til Bergen kl. 09.40 frå 1. april, fortel Bae.

Ørsta-Volda lufthamn er meir enn ein flyplass for passasjertrafikk. Det var i løpet av året vel 160 landingar med ambulansefly. Og i tillegg har flyklubben stor aktivitet inkludert læringsflyging.

– Alle dei tilsette hos oss set pris på at vi kan ta i mot ambulansefly, og vere med på å berge liv. Vi har ei ordning der tre personar har vakt, slik at dei raskt kan rykkje ut dersom det er behov for eit ambulansefly om å nytte flyplassen utanfor opningstidene. Dette fungerer fint, seier Bae.

Investeringar

Dei siste åra har det vorte gjort store investeringar på Hovden. I fjor vart terminalbygningen pussa opp, med spesiell vekt på nytt elektrisk anlegg og ny ventilasjon. Arbeidet med brannsikring av tårnet er i gang.

– Tårnbygningen er frå 1970, og her er ein del ròteskadar også, seier Bae.

Avinor er i gang med å innføre fjernstyrte flytårn. Fase ein er i gang, og femten lufthamner skal verte drifta frå eit felles senter i Bodø. Dette skal vere oppe og gå i 2020.

– Der etter startar fase to. Eg veit ikkje mykje enno, men det vil ikkje undre meg om Hovden vil verte med i den runden. Vi har fem tilsette i tårnet. Den eldste vert pensjonist i den perioden, dei fire andre er unge, og dei ser ikkje vekk ifrå at dei vil prøve å få seg flytta over til det nye tårnsenteret, seier Bae.

Utandørs vil Ørsta og Volda flyklubb det komande året starte bygginga av ein ny hangar. Dagens hangarkapasitet er altfor liten etter den aktiviteten flyklubben har. Den nye hangaren vil kome ved sida av Widerøe-hangaren.

Uro

Lufthamnsjefen har eigentleg berre ei stor uro for Ørsta – Volda lufthamn, og det er tilkomsten på vegsida.

– Vi har ein uavklara situasjon med Torvmyrvegen og flyplasskrysset. Årleg medverkar flyplassen åleine med ein trafikk på over 100.000 passasjerar, folk som tek farvel og tek i mot, tilsette osb., til trafikken gjennom flyplasskrysset. Dette er ein uhaldbar situasjon. det vert køar og utrygge situasjonar. Her håper eg det vil kome ei løysing seier Bae.

Han gler seg over å arbeide på Ørsta–Volda lufthamn, som etter kvart er ein stor arbeidsplass.

I alt arbeider det i overkant av førti personar på flyplassen gjennom Avinor, Hovden flyservice, Securitas, Avis og Widerøe.