Det kjem fram i ein e-postkorrespondanse mellom ordførar Jørgen Amdam i Volda og ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal.

– Hornindal og Volda har i dag rådmenn med lang erfaring og god kompetanse, der dei begge fungerer godt i sine stillingar. Ordførarane har felles syn på at vi ynskjer å behalde dagens rådmenn i den nye kommunen, i tillegg meiner vi det er fornuftig og framtidsretta at den som vert prosjektleiar også vert rådmann i den nye kommunen. Rådmannen i Volda har sagt seg interessert og motivert til å ta på seg prosjektleiarfunksjonen under føresetnad at denne funksjonen vert rådmann i den nye kommunen, skriv Lødemel.

Rådmannen i Hornindal har sagt at ho ikkje er interessert i å vere prosjektleiar/rådmann. Ho er interessert i å vere med over i ny kommune, i ei sentral stilling i rådmannen sitt leiarteam. Ordførarane ser det som naturleg at ho vert den nye rådmannen sin næraste medarbeidar og assisterande rådmann.

Tillitsvalde i kommunane har ikkje motførestillingar til dette. Saka er tenkt handsama på møte i den førebelse fellesnemnda førstkomande tysdag.