– 2016 har grovt sett vore eit normalår når det gjeld hendingar for Ørsta brannvern, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge.

For Ørsta brannvern vart det rundt hundre utrykkingar i fjor, men av desse er dei færraste brannrelatert.

– Vi har berre fem utrykkingar som er kategorisert som brann i objekt. Den største brannen var i eit ikkje-busett bustadhus i Follestaddalen. Elles var det brann i garasje, båt og campingvogn.

Auke i trafikkulykker

2016 starta med ein lyngbrann på Urke for Ørsta brannvern, og i løpet av året vart det tjue utrykkingar på røykutviklinga grunn matlaging, pipebrann, bål, grasbrann og bilbrannar. Ifølgje statistikken til det lokale brannvernet har det vore ei auke i taler på trafikkulykker.

– Det vart tjue utrykkingar på trafikkulykker i 2016, og desse var i hovudsak på E39 frå Festøy til grensa til Volda kommune.

I tillegg har Ørsta brannvern hatt utrykkingar til forureining, lekkasjar, skred, flaum og bistand til helse. Talet på unødige alarmar har fått kraftig ned i Ørsta.

– Tala har bortimot blitt halvert. Dette har med at anlegga blir betre, og så trur eg at tilsyna som vi har hjelper på. Vi har og innført gebyr på objekt som har fleire unødige alarmar på eitt år, seier Ytre-Hauge.

– Få dramatiske hendingar

Sjølv om Ørsta brannvern har fleire utrykkingar og meir å gjere enn tidlegare, er det færre større hendingar.

– Vi har mange hendingar, men få har vore dramatiske. Vi har heller ikkje vore på hendingar i 2016 der folk har omkome. Det er slik vi har lyst at det skal vere, og jobben vår er å redde liv og verdiar.

Senkar gjennomsnittsalderen på bilparken

Ørsta brannvern har i dag eit mannskap på 56 fordelt på tre stasjonar og to depot.

– Vi er eit stort brannvern med desentralisert beredskap. Vi har dyktig arbeidskraft og er i ferd med å få betre utstyr.

Hovudbrannbilen på stasjonen i Ørsta sentrum vert ny i løpet av våren, i tillegg til at det kjem på plass ny kommandobil og brannbil på Vartdal.

– Vi fjernar over hundre år med bilår, og har redusert gjennomsnittsalderen på bilparken vår frå 23 til 14,6 år på dei to siste åra. Dette vil gjere utslag. Vi vil bli meir effektive og kunne utføre betre og tryggare arbeid. Det gjeld og tryggleiken til mannskapet, og at dei skal ha utstyr som dei kan stole på.

I løpet av fjoråret har mykje tid blitt brukt til kursing og opplæring i Ørsta brannvern.

– Vi har heva kompetansen. Det har blitt ein del nye tilsette, og det krev opplæring. Vi har søkarar når det er ledige stillingar, men vi kunne gjerne sett at det endå fleire interesserte.

Nye oppgåver med PLIVO

Brannvernet har og fått nye oppgåver, og er no pliktig til å hjelpe politiet på hendingar som er kategorisert som pågåande livstrugande vald (PLIVO).

– Mannskapet som er tilknytt sentrum har fått opplæring, og vi er no pålagt av DSB til å rykke ut på slike hendingar.

– No er vi topprusta

I desember i fjor tok Ørsta brannvern i bruk den nye brannstasjonen i sentrum. Med bygginga har gått føre seg har brannvernet vore lokalisert på Ripateigane i tronge lokale.

– Mannskapet har takla det på ein god måte, og eg kan ikkje sjå at det har gått utover noko. No er vi topprusta, seier brannsjefen.

19. januar vert det offisiell opningar av den nye brannstasjonen ved Ørsta rådhus.

PLIVO-øving: Samarbeidet mellom politiet, brann og helse vert viktigare, og brannvernet i Ørsta må no hjelpe politiet under hendingar som er kategorisert som pågåande livstrugande vald. Her frå fellesøvinga i Ørsta i mars i fjor. Arkivfoto Foto: Joachim Åsebø
Auke i trafikkulykker: Ørsta brannvern hadde ei auke i talet på utrykkingar til trafikkulykker i 2016. Her frå ei øving ved Hovdevatnet i fjor sommar. Arkivfoto Foto: Roy-Arne Folkestad