I eit brev til kommunen skriv Rigmor Digernes Furseth at ho er svært oppteken av miljøet rundt Digerneshuset. Ho fortel at Dogata er ei av dei eldste gatene i Ørsta, tidlegare kalla Sjøvegen, og at gata tente som Melle/Svendsengarden sin gangveg ned til kaia (Plagå) og post- skipsekspedisjonen.

Gata har også ei historie som «reperbane», då den lange, beine strekninga vart nytta til å lage tauverk.

Digerneshuset

Digerneshuset i Ørsta var heimen til Signy Digernes (1894) og Rasmus Knutsen Digernes (1886–1972) og dotter deira, Rigmor Digernes Furseth. Huset vart bygd i 1929/1930. Ifølgje Kulturminneatlas for Møre og Romsdal stod Rasmus sjølv for både teikning og oppføring av huset. Ørsta Avis skreiv i august 1929 at bygninga «ser ut til å pynte godt upp i landskapet». Huset, med tårn og karnapp, er særmerkt i Ørsta, og ifølgje kulturminneatlaset, er det ikkje tvil om at Rasmus hadde henta ideane til huset frå dei åra han jobba som «carpenter» i Amerika.

Dogata

I Kulturminneatlas for Møre og Romsdal står det å lese: «Etter kvart som huset vart ferdig, tok grannane til å lure på korleis Rasmus skulle ordne seg når han skulle på eit «nødvendig ærend». Ved «Dogata» nedanfor huset hadde dei andre utedoa sine, og Rasmus Digernes hadde gløymt å byggje utedo på si tomt! Men det kom snart for ein dag at Rasmus, som ein av dei første i Ørsta, hadde installert nymotens vassklosett i kjellaren på huset sitt.»

Fem alen

Rigmor Digernes Furseth skriv til kommunen at etter skulddelingane frå 1905 og 1916, skulle Dogata vere fem alen brei og ho skulle vere «open for ålmenn ferdsel». Ho viser mellom anna også til eit skriv frå 16. juli 2014 frå fylkeskonservator Bjørn Ringstad, der det vert oppmoda om vern av både Dogata og Digerneshuset.

– Eg ber om at Dogata vert teke med i reguleringsplanen for Ørsta sentrum, som ei fem alen (tilsv. 3,14 m) brei gågate frå Melle/Svendsengarden, over Torggata og ned til Vikegata.