Det seier leiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås. Han har kalla utvalet inn til møte 3. januar, der dei også skal på synfaring i Osgeila.

– I og med at administrasjonen i kommunen er ugilde i saka, har lensmann Guttorm Hagen sagt ja til å stille på møtet. Han vert vår fagmann når det kjem til trafikktrygginga. Målet er at vi skal fatte eit vedtak som seier noko om korleis vi skal trygge situasjonen i geila midlertidig, seier Kolås, utan at han vil gå nærare inn på kva tankar han har for løysingar, før han har diskutert saka i samfunnsutvalet.

– Vi har eit forslag til høyring på bordet til lensmannen, og vi ventar på svar frå han før vi vil utdjupe, seier Kolås.

Vedtaket vil dei sende vidare til Statens vegvesen som eit initiativ for ny skiltplan i området.

Omstridd

Dei siste månadene har Osgeila vore gjenstand for mange debattar. Oppsitjarane i området er usamde om kva løysing som vil eigne seg best. Nokre ønskjer å sperre gata med bom, men dette er andre imot fordi det vil gjere tilkomsten til eigedomane deira vanskeleg.

Oppsitjarar i Eliholen og Hansholen har kome med eit klart krav til politikarane i samfunnsutvalet om at dei ikkje vil akseptere fysisk stenging av geila.

– Vi som bur på Ose har vore vande med eit godt bumiljø med eit aktivt og samlande grendelag. Den siste tida har dette endra seg dramatisk og vi opplever no eit splitta og polarisert bumiljø, varsla dei i eit brev.

Bakgrunnen er auka trafikk i området som skaper trafikkfarlege situasjonar, og særleg for mjuke trafikantar. Det er forbod mot gjennomkøyring i Osgeila, men dette er det ifølgje grendelaget mange som overser.

Ordførar Stein Aam har lansert ein ny offensiv for å betre trafikksituasjonen i området rundt Osgeila, Osmarka og Rystefeltet. Han ønskjer å bygge nye samlevegar og skape eit ringvegsystem som strekker seg frå Mosflata til flyplassen. Dette har politiet støtta.

– Ein ny sambindingsveg frå Osmarka til Melsvegen vil løyse mykje av dei vanskane som er der. Det er gode argument frå alle som bur i området for at tilhøva bør betrast, og det er ønskjeleg at konfliktnivået vert redusert, har lensmann Guttorm Hagen uttalt.

Det er snakk om nye vegar på fleire strekningar: Frå Mosflata til Mele/Melsvegen, frå Melsvegen til Osmarka (via Osgeila-området) og frå Rystefeltet til flyplassområdet. I tillegg vil ordføraren ha fortgang i arbeidet med å byggje rundkøyring i flyplasskrysset, og han vil ha på plass lysregulering i krysset på Ose

I budsjettet for 2017 er det løyvd 250.000 kroner som ein start på dette prosjektet.

– Trafikksituasjonen i området fungerer svært dårleg i dag, og det har skapt stor strid og problem for dei som bur der. Ei midlertidig løysing vil kanskje ikkje gjere alle til lags, men vi er nøydde til å ta nokre grep som sikrar området midlertidig, seier Inge Kolås.

Administrasjonen i kommunen har meldt seg sjølv ugilde i saka, då rådmannen bur i det aktuelle området.

Kallar inn til møte: Leiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås. Foto: Janne-Marit Myklebust